Arnhild Litleré

Kvar kjem du ifrå:
Eg kjem frå Strandebarm i Hardanger. men har dei siste 25 åra budd i Oslo. Ein fin by, men eg må ofte heim til vestlandet kor fjella er litt brattare og elvane litt kraftigare. Det kan bli for flatt på austlandet.

Kven er favorittkatten din?
Min eigen katt heime, den er raud og helsar alltid på meg når eg kjem, då har den halen rett opp og stryk seg inntil buksebeina mine…

Kva er ditt favorittkatteord?
prrrr pppprrr… pppprrrrrrrrr (må seiast med mørk ppppp og lysare og lysare rrrr..).eg snakkar med katten på kattespråket.

Har du eit anna favorittord? Gje deg då, og gu kor kjekt!

Kvifor går folk rundt og seier fyttikatta?
Nei det veit eg ikkje, eg brukar aldri det ordet. Folk frå Telemark og Seljord brukar fyttikatta-ordet har eg høyrt, men då er i folk litt irriterte som oftast….eller akkurat det motsatte, overraska og glade… folk er rare…

Er du glad i å reise?
Ja!. Alle stader nesten, by og bygd, innland og utland, høgfjell og lågland, i u-land og i-land. Det er svært lærerikt, så nytt, så spanande. Eg vert kjend med meg sjølv og Norge når eg for eksempel reiser til India. Nokre gonger må eg reisa til utlandet for å møta meg sjølv på nytt. Etter ei reise er det godt å koma heim og møta katten på trapphella…

Skriv du postkort når du er ute og reiser?
Det er ikkje alltid eg skriv postkort , men eg kjøper svært mange postkort, likar å ha minner med frå stader der eg har vore…Nokre gonger skriv eg postkort til venner og familie, men eg tar korta som oftast med heim i veska og deler dei ut etter at eg er komen heim. Eg har nett vore i Praha, og i dag skal eg dela ut postkort eg kjøpte der. Tekstmelding er så mykje raskare å senda, men postkort er vakrare.

Når var du sist i Aasen-tunet?
Eg var i Aasen tunet i 2009 saman med Benedikte Maurseth, vi hadde eit program for barna der med felespel og tekstar av Jon Fosse. Det var stas. Ivar Aasen huset er så fint og har så mykje spennande å visa fram
Då óg kjøpte eg mange postkort, eg sat også på fanget til Ivar Asen….

Har du høyrt noko god kattemusikk i det siste?
Den beste kattemusikken er den som katten lagar… når den ligg og mel oppå magen min, det er musikk det. Då slappar eg skikkeleg av!
Musicalen Cats kan vel også passa inn her?

Når las du sist ei verkeleg god bok?
Katten sit
i tunet
når du kjem.
Snakk litt med katten.
Det er han som er varast i garden.

Dette er eit dikt av Olav H Hauge. Han er ein forfattar eg les mykje av,
elles synes eg romanen ”Morgon og Kveld ” av Jon Fosse er fantastisk.
Eg er også veldig glad i ”Den vesle tigeren og Bjørnen” av Janosch.
Den vesle tigeren som ville til Panama.

Til slutt har eg eit spørsmål til Lurivar som eg lurer på om han kan hjelpa meg med?
Mor mi sa av og til til meg at :”Du e´kje for katten du”, eg forstod aldri kva ho meinte,
ho var alltid litt forundra eller irritert på meg når ho sa det, veit nokon kva uttrykket kjem frå?