Atle Berge

Kvar kjem du ifrå?

Hjelmtveit – ein liten plass nord for Bergen.

 

Kven er favorittkatten din?

Han heiter eigentleg Ludvig Holberg, men vi kallar han Ludde. Utruleg smart katt. Når dei andre kattane er sultne, bankar Ludde på vindauget for at vi skal sleppe dei inn.

 

Kva er ditt favorittkatteord?

Kattevask.

 

Har du eit anna favorittord?

Nei. Eit fantastisk ord. Til dømes: «Kan du vaske golvet?» «Nei.» Eller: «Kan du flytte beina dine litt?» «Nei.»

 

Kvifor går folk rundt og seier fyttikatta?

Dei prøver nok å la vere å seie veldig stygge ord, men for deg som er katt er vel «fyttikatta» like stygt som vanleg banning?

 

Er du glad i å reise?

Det er noko av det beste eg veit.

 

Skriv du postkort når du er ute og reiser?

Nei. Eg er altfor opptatt med å bade.

 

Når var du sist i Aasen-tunet?

Det var hausten 2010. Var du på ferie då? Eg såg ikkje noko til deg …

 

Har du høyrt noko god kattemusikk i det siste?

Ja! «Ivar Aasen og katten hans» av Dei Nye Kapelanane. Den høyrer vel du på kvar dag?

 

Når las du sist ei verkeleg god bok?

Det er ikkje så lenge sidan eg las Henrik And av Anna Folkestad. Boka er eigentleg for små barn, men det bryr eg meg ikkje om: Ei av mine favorittbøker!