Listen to Berre  ein  hund

Berre ein hund

Forteljinga «Berre ein hund» er ein av Per Sivle sine mest kjende tekstar. Historia blei første gong trykt i Sogor (1887), og er ei gripande forteljing om venskapen mellom guten Per og hunden Hall.

Per Sivle (1857-1904)
Sivle blei fødd på garden Flåm i Aurland, og voks opp på Brekke i Stalheim i noverande voss kommune. Han tok til å studere som prest, men avbraut studia og satsa i staden på å skrive, først som diktar, seinare også som avisredaktør i Drammen og Oslo. Han debuterte som diktar med diktsamlinga En Digters Drøm i 1878, under pseudonymet Simon
de Vita. Gjennombrotet kom i 1887 med Sogor og Vossastubba, forteljingar med folkeleg humor skrivne på vossamål. Det mest kjende diktet hans er Den fyrste song.