Biblioteket på do

Eg-forteljaren i denne vesle boka sit lange stunder på doen i kjellaren.

Der les han seg langt av stad og djupt inn i fantasien. Og i fantasien byggjer han ut biblioteket på do, med alkove og lesekrok, og vidare med kinosal og utstikkarar til bakrommet i Narvesen-kiosken, åsane i Hollywood, Preikestolen og Loch Ness.
Arnt Birkedal
Arnt Birkedal er fødd i Stavanger i 1959. Han har arbeidd som lærar i grunnskulen, men har sidan 1998 vore forfattar på heiltid. Birkedal debuterte som forfattar i 1983 med diktsamlingaBalladen om hålet i dørå. Han har skrive dikt, kortprosa og romanar for både barn, ungdom og vaksne, og han har skrive songtekstar for m.a. Aftenlandet og Vamp.