Bjørn Sortland

Kvar kjem du ifrå?

Bømlo i Sunnhordland.

Kven er favorittkatten din?

Messi, katten min. Han er den finaste av alle.

Kva er ditt favorittkatteord?

Mitsi, trur det muligens det betyr «katt» på ungarsk, men er litt usikker på om ungarsken min er heilt god for tida.

Har du eit anna favorittord?

Legalitetsprinsippet.

Kvifor går folk rundt og seier fyttikatta?

Nei, sei det? Eg seier det aldri. Folk må skjerpa seg.

Er du glad i å reise?

Ja. Kjem nett heim frå Australia.

Skriv du postkort når du er ute og reiser?

Nei. Gjorde det før. Men eg sendte dei ofte først når eg kom heim. Og det var jo juks.

Når var du sist i Aasen-tunet?

Sommaren 2011.

Har du høyrt noko god kattemusikk i det siste?

Det går mykje i Chet Baker når det er sommar.

Når las du sist ei verkeleg god bok?

Tidlig i sommar, ei bok som heiter Hvis det er flere som ljuger nå av Tyra Teodora Tronstad.

(22.08.12)