Listen to Bjørnen  Alfred  og  hunden  Samuel  forlet  pappkartongen

Bjørnen Alfred og hunden Samuel forlet pappkartongen

Bjørnen Alfred og hunden Samuel vaknar ein morgon og skjønar at dei er attgløymde i ein pappkartong på loftet. Dei kjem til å hugse på det som hende Før i Tida, då Ole-Martin tok dei med i senga. No vil dei ut i verda og prøve å finne att Ole-Martin og kanskje Gerhardsen, som var snill med alle små dyr.

Ragnar Hovland
Hovland blei fødd i Bergen i 1952, og vaks opp ulike stader på Vestlandet. Han debuterte i 1979 med romanen Alltid fleire dagar. Sidan debuten har han gitt ut over 40 bøker — både dikt, noveller, bøker for born og for vaksne. Fleire av novellene til Hovland har vore filmatiserte. Han har fått fleire prisar for bøkene sine, m.a. Kultur- og vitskapsdepartementets debutantpris 1980, Noregs Mållags barnebokpris i 1986 og i 1993, Brageprisen 1992 og Kritikarprisen 2002 for romanen Ei vinterreise.