Listen to Ein  ubeden  gjest  med  tannregulering

Ein ubeden gjest med tannregulering

I går hende det noko utanom det vanlege her i Aasen-tunet. Ja, det gjer det
nesten kvar dag, forresten. Stundom kan det sjå ut til at eg er den einaste
normale skapningen her, men det er no så. I går hende det noko heilt
utanom det vanlege. Eg fekk nemleg mitt første besøk på hemsen. Ja, tru
endeleg ikkje at eg hadde invitert nokon. Hemsen har vore hemmeleg til denne
dag. Men no er det slutt på det, for i går dukka det opp ein svært ubeden gjest
med tannregulering og svart hår.
Eg kjenner det begynner å rykke i halen berre eg tenkjer på det. Eg er i
grunnen glad i barn. Men av og til kjem det heile skuleklassar på ein gong hit
til Aasen-tunet, og då legg eg meg heller i bakhald, og snik meg etter dei
kringom på tunet utan at dei ser meg. Om eg spionerer? Ja, tenk. Spionasje er
ein av favorittsyslane mine. Eg er sikker på Ivar Aasen også spionerte ein del i
si tid, sjølv om han kanskje ikkje kraup rundt på alle fire, slik som eg. Han
tjuvlytta i alle fall.
Og alt spetakkelet i går, det begynte med at eg sneik meg etter ein klasse
og tjuvlytta. Tre nye ord, høyrde eg:
– Åh, dette var SUPERNAM!
– Trur du at nynorsk er eit meir FOLKESNAKKAKTIG språk enn bokmål?
– Kom hit, Rakel, elles blir det RAGNAROKFREDAG når vi kjem tilbake til
skulen!
Dette var så vanskelege ord, at eg bestemte meg for å galoppere opp på
hemsen min og skrive dei ned før eg begynte å rote dei saman, slik at det vart
FOLKEFREDAG og RAGNANAM. Og så oppteken var eg med å hugse desse orda, at eg
ikkje merka at det brått var nokon som spionerte på meg. Det har aldri
skjedd før! Åh, eg blir heilt dårleg i tarmsystemet når eg tenkjer på det.
For då eg hadde kome opp på den hittil hemmelege hemsen min og sett meg ned
ved det hittil hemmelege skrivebordet mitt og var ferdig å skrive det tredje
ordet på ein lapp, då var det brått nokon som kremta bak meg. Ja, du kan tru eg
skvatt. Eg skvatt som ein katt. Og så slengde eg ifrå meg skrivesakene, skaut
rygg og flekte tenner. Eg har høyrt at eg liknar ein tiger når eg gjer slik, og
var sikker på at uvesenet i døra skulle forsvinne ned frå hemsen fortare enn
svint av eit slikt avskrekkande syn.
Men veit du kva inntrengjaren med svart hår gjorde? Ho herma! Ho sette seg
ned på alle fire, skaut rygg og flekte tenner. Eg må seie det såg ganske
imponerande ut, ikkje minst på grunn av tannreguleringa.
– Eg heiter Rakel, og er ein spion, snerra ho. – Kan du prate?
Eg har aldri forstått dette maset om prating. Spør eg folk om dei kan
mjaue, kanskje? Personleg likar eg best skriving, men akkurat der og då var det
vanskeleg å tenkje på noko anna enn at det var eit menneske oppe på hemsen min.
For ein kattastrofe!
Dette var ikkje noko vanleg barn heller, tenkte eg og krumma ryggen til eg
kjende meg som ein hårete monsterbanan. Dette var eit rampete barn. Ho hadde
stukke av frå dei andre. Kva skulle eg gjere? Skulle eg klore henne pittelitt på
leggen? Skulle eg løyse ut brannalarmen, slik at ho gløymde alt ho hadde sett?
Eller skulle eg legge meg ned og late som om eg var ein tilfeldig død katt på
ein tilfeldig hems?
Eg rakk ikkje å gjere noko av det, før Rakel fekk auge på lappane mine. Eg
har ei ganske imponerande samling lappar etter kvart. Eg har samla på ord heilt
sidan eg fekk auge. Skuffer og korger og kasser flyt over av ord her oppe på
hemsen. Ein gitar utan strenger har eg stappa full av slike vanlege, kjedelege
ord. Tøflane til ein sur mann som brukte å jage meg ut av hagen sin med
spylarslange har eg tjuvlånt for all æve og fylt opp med skjellsord. Til og med
ei gammal potte har eg fylt til randa med ord. I den legg eg ord som passar i ei
potte (PISSEPREIK, RENNESKITEMAT, FISNISSE og slikt)
– Wao! sa Rakel, og begynte å lese på lappane mine.
Dette var altså eit barn som likte ord og spionasje og rampestrekar, tenkte
eg og kjende at det gjorde vondt å stå slik med krum rygg. Sint sette eg meg ned
og tok til å slikke stripene mine så overlegent eg greidde.
– Sjå her, sa Rakel, og plukka to ord frå ei skuffe, to frå gitaren og eitt
frå potta og la dei golvet.
FISK   FUNGERER   SOM    RENNESKITEMAT    BASTA
Eg las det, og grøssa. Maken til frekk unge! Bestemt og sint fann eg eit
ord i ei anna skuffe som eg bytte ut med det ho hadde skrive feil.
FISK    FUNGERER    SOM     JULEMIDDAG   BASTA
– Pjuk! gaula Rakel, og lo.
Før eg visste ordet av det, låg det lappar utover heile hemsen. Rakel sette
dei i hop i dei galnaste kombinasjonar. Eg slikka og slikka på stripene mine,
men til slutt greidde eg ikkje å sitte og vere sur katt lenger. Var det slik ho
ville ha det, så skulle jo jammen få sjå på setningar!
Åhå, for nokre setningar eg laga! Eg sette all mi katteære i å få Rakel til
å le seg i hel. Til slutt låg ho og hiksta under skrivebordet. Då hadde eg brukt
fem potteord i same setninga, og Rakel sjølv hadde lagt til det sjette. Den
setninga eignar seg ikkje på trykk, berre på hemsgolv, så den vert mellom Rakel
og meg.
Rakel lo slik at ein av dei kvite lappane oppe på skrivebordet dala ned og
landa på golvet framfor nasen hennar.
– RAGNAROKFREDAG, las Rakel,  – Oi, det var det læraren min sa at det
skulle bli dersom eg ikkje kom. Høyrde du det?
Eg nikka.
– Veit du kva slags ord eg samlar på, Lurivar? spurde ho, og var med eitt
alvorleg.
Det kunne eg ikkje vite. Eg er ikkje synsk, sjølv om folk kanskje får det
inntrykket av og til.
– Eg samlar på skjellsord. Eg har alltid fått så mykje kjeft, eg, for eg
greier ikkje sitte stille og vere slik som eg skal. Det prikkar i heile meg. Så
i staden for å verte lei meg kvar gong nokon kjeftar på meg, har eg begynt å
lagre orda inne i hovudet mitt, og så skriv eg dei ned når eg kjem heim.
Rakel smilte igjen, så det blinka i tannreguleringa.
– Eg har litt av ei samling! Læraren min, han er heilt fantastisk til å
kome på nye. Ofte gjer eg noko gale berre for at han skal kome med eit slikt ord
som RAGNAROKFREDAG.
Eg sat og kjende at eg plutseleg likte Rakel best av alle barn eg hadde
møtt. Fort smatt eg under kommoden og drog fram tøflane med mi eiga
skjellsordsamling.
Rakel tok opp nokre lappar og las.
– Skal eg få alle desse stygge orda av deg? spurde ho vantru.
Eg nikka.
– Åh, Lurivar, du er ein knuppekatt!
Ho tok tak i meg, og klemde meg så eg trudde tunfiskfrukosten skulle verte
skvisa ut i dagslys.
– No har eg fått så mange skjellsord av deg, at eg ikkje treng å gjere noko
gale på lenge!
Akkurat då ho hadde sett meg ned att, ropte læraren hennar så det gjalla i
heile Aasen-tunet.
– Raaaaaakel!
– Åh, når vi hadde det så kjekt, sukka Rakel, og fylte lommene breiddfulle
med tøfleorda. – Eg kjem til Aasen-tunet ein annan dag, eg. Utan lærar! smilte
ho, og så smatt ho ut. Eitt av skjellsorda flagra ut av baklomma hennar i det ho
forsvann. KATTESLYE, sto det.
***
Og no har eg sitte på hemsen og tenkt i heile natt. Kanskje eg skal begynne
å sleppe folk inn hit likevel? Det kan beint fram hende enkelte kunne hatt godt
av eit besøk på hemsen min. Men eg trur kanskje eg skal sette ei aldersgrense.
Eg har ein mistanke om at vaksne ikkje vil synast noko om potteorda mine.
Kanskje vil dei ikkje skjøne løyndomen under senga heller. For ikkje å snakke om
oppskrifta på innsida av skapdøra. Eg trur i grunnen hemsen eignar seg best for
kattar og barn. Ein må like ramp og spionasje for å trivast her.
Og når det gjeld Rakel, så er eg sikker på at ho vert kriminalsjef ein
gong. Ho som greidde å spionere på sjølvaste meg; agent ordspion Lurivar
av Aasen-tunet! Fy flate for ei dame!