Erle Stokke

Kvar kjem du ifrå?
Å, Tunkatten, no spør du vanskeleg. Kva skal til for å komme frå ein
stad? Då eg var 3 år kom eg frå Oslo – til Bergen. Men då eg var 18 år kom eg
frå Bergen – til Oslo. No bur eg i Oslo saman med mange andre som ikkje veit kor
dei kjem frå.
Kven er favorittkatten din? 
Eg har ikkje nokon favorittkatt. Så kanskje det blir deg?
Det høyrest heilt sjølvsagt ut.
Kva er ditt favorittkatteord? 
Mjau! Det er godt og mjukt.
Har du eit anna favorittord?
I.
Kvifor går folk rundt og seier fyttikatta? 
Det lurer eg på også. Kan du finne det ut for meg?
Er du glad i å reise? 
Ja! Men eg har ikkje reist så mykje som eg vil, så eg har mange stader
att.
Skriv du postkort når du er ute og reiser? 
Eg sender postkort til ungane mine, og så kjem eg alltid heim før kortet
kjem fram!
Når var du sist i Aasen-tunet? 
På festspel og ploppesteintur for to år sidan. Eller var det tre? Men no
kjem eg snart att!
Har du høyrt noko god kattemusikk i det siste?
Nei, verkeleg god kattemusikk høyrer ein ikkje så ofte for
tida.
Når las du sist ei verkeleg god bok? 
Eg er så heldig at eg les gode bøker heile tida! Verkeleg gode, til og med.
Men ei av dei finaste er Mio, min Mio, så den las eg nettopp ein gong
til.