Listen to Innbrotstjuven

Innbrotstjuven

I kottet ved sidan av rommet til Peder høyrest ein lyd. Peder finn ein gut der inne, ein innbrotstjuv, ein gut som har gøymt seg. Er han ein framand eller er han som Peder? Er han Peder?

Marit Kaldhol
Marit Kaldhol er fødd i Ålesund i 1955. Ho har undervist i grunn- og vidaregåande skule i fleire år, og held stadig skrivekurs for lærarar og andre. Ho skriv barnebøker, ungdomsromanar,skodespel og dikt for barn og vaksne om kvarandre. Sidan debuten i 1983 med diktsamlinga lattermilde laken har det blitt over 20 utgivingar. Mest kjend er ho for
barneboka Farvel, Rune (1986), som har fått prisar både i Tyskland og Italia for måten Kaldhol skriv om sorg for barn på.