Listen to Kaninar  og  kaninar

Kaninar og kaninar

Forteljaren i denne historia har kaninar i lag med Stein.

Dei to gutane har vore oppe i heile 27 kaninar.

Men nokon har opna dørene på bura deira, og berre ein kanin er att. Gutane er sikre på kven som står bak. For bakom haugane og skogane ligg Solsletta, og der bur dei slemme gutane, Solslettegjengen. Dei som vil øydeleggje alt. Arnt Birkedal har skrive ei lettlesbok for 10-12-åringar, som er ei spennande, vakker og poetisk barndomsskildring om to gutar som driv ein liten kaninfarm.
Arnt Birkedal
Arnt Birkedal er fødd i Stavanger i 1959. Han har arbeidd som lærar i grunnskulen, men har sidan 1998 vore forfattar på heiltid. Birkedal debuterte som forfattar i 1983 med diktsamlinga Balladen om hålet i dørå. Han har skrive dikt, kortprosa og romanar for både barn, ungdom og vaksne, og han har skrive songtekstar for m.a. Aftenlandet og Vamp.
Lagt ut med løyve frå forlaget og forfattaren.
Lese av forfattaren (Nynorsk kultursentrum 2007)