Utebiblioteka er klare!

Dei siste dagane har det vore hektisk for meg her i tunet! Eg har plasta og pakka og pussa og skrive, og no er utebiblioteka klare for utplassering. Innan 1.mai kan du gå på tur i Herøy: Barneboktua, på Herøy gard, turvegen. I Ulstein: Barnebokberget, i Trollskogen ved Osberget. På Hareid: Barneboktua, ved Rotarystien.
I Volda: Barnebokskogen, i Heltnelihuken. I Hornindal: Barneboktua, gapahuken ved Hornindal skule. I Stryn: Barnebokplassen, Leikeplassen på Visnes og heilt til slutt har eg fire utebibliotek i Sula kommune. Eg håper alle som er ute på tur les i bøkene og legg igjen ei helsing i gjesteboka.


Dikt på turné

Kjærleikekamerat og elefantangorantutang åt hauklauk
Då såg dei snabelfisefluge med torskebleie
Er dette krimskrams?

Kjølsdalen Montessoriskule, Nordfjordeid

 

Krimskrams!
Skreik kjærleikekamerat
Med kattehatt, klatreklør og dingleauge
Eit lite samansurium
Om ein får ullkløetull

Stårheim skule, Nordfjordeid

 

På ei ønskesol
Åt kjærleikekamerat på ein hauklauk
Då ein ninjakatt med pølsesmil
Hoppa opp frå ei sandstjerne

Ho vart sjøsprø av å jaktjage
Ho fann ein kjærleikekamerat med pannekakehake
Men stakkaren drakk etsesaft
Og fekk heksehark
Au!

Sandane skule, Gloppen

 


Dikt på turné

Eg vil trikkeflakke
Skreik kjærleikekamerat
Ikkje snippkneipp
Rapemåne spelte puseblues
Eg vil ha hauklauk

Kamelpølse
Sa kjærleikekamerat
Og gnafsa hauklauk
Elefantorangutang vart fiendefri
Då rapemåne lagde eit bartekart

Kjærleikekamerat lagde spikarpudding, hårsuppe og sandstjerne
Til ein matsnok med torskebleie
For eit samansurium!

Nordfjordeid skule, Nordfjordeid

 

Ein kjærleikekamerat fann ein matsnok
Ei løvegeit som åt hauklauk, sandstjerne og spikarpudding
Æsj, for eit krimskrams

Hjelle skule, Nordfjordeid

 

Ein kjærleikekamerat med blåbærbrille åt hauklauk
Og kamelpølse
Så kom ein telefonedderkopp
Han fekk gjestevest
Så var dei to fiendefri

Haugen skule, Nordfjordeid


Dikt på turnè

Kjærleikekamerat åt kamelkanet og skreik
Trikkeflakke og tamburinfin
Mot hoppemann og glitrenegl
På rapemåne

Nordsida skule, Stryn

 

Kjærleikekamerat
Med torskebleie og blåbærbrille
Sat på sandstjerne
Ninjakatt med pølsesmil
Sat på telledo
Ein-to

Ein kjærleikekamerat med orgeløyre
Sat på telledo
Ein ninjakatt med pølsesmil
Var matsnok på eit spyfly

Ein kjærleikekamerat med kattehatt
Ville jaktjage ein elefantorangutang
For å vere fiendefri
Så kom ein hoppemann med torskebleie
Skal seie

Kjærleikekamerat med zappefinger åt sennepsnipp
og gjorde eit klysterbyks
på ei sandstjerne med glitrenegl
Så kom ein nasevind

Tonning skule, Stryn

 

 


Dikt på turné

Med salatbart, pølsesmil og gjørmemage
Såg kjærleikekamerat
På pusemaraton medan han åt kamelpølse
Og gjekk i prompesko

Vikane skule, Stryn

 

Løvegeit med ullkløetull
Fekk hestekjeks av kjærleikekamerat
Han fekk tryllebrille,
Tomathårbøyle og trommekoffert

Olden skule, Stryn

 

Ein kjærleikekamerat med jordbærøyrer
Sat bak eit trolltre
Og venta på ein egofjott med luksusbart
Brått kom atombleiemonster
Med ein nasevin

Oppstryn skule, Stryn

 


1 av 512345