Vintermånadane

No er vi inne i ei tid der det skjer mange ting i kalenderen framover mot våren. Visste du at februar kjem av latin (mensis) februarius, som eigentleg tyder reinselsesmånaden? I veldig gamle dagar, i oldtidens Roma, reinsa dei seg for det nye året som då starta i mars. Då kunne dei til dømes ikkje ete mat på veldig lenge, berre drikke.

Eg synes det er veldig kjekt å lese om kvifor ting er som dei er, som til dømes kvifor enkelte dagar i året har namn. På biblioteket har dei mange spanande bøker for born om ulike ting som ein kallar faktabøker. Bøkene kan handle om dyr, havet, jorda, klimaet, bilar, hus, mystiske stadar, dagane i året og mykje, mykje meir. Dei som jobbar i biblioteket veit kvar desse bøkene står, så om du spør om hjelp vil du finne dei.

Kanskje du kan finne ut kvifor det snør i februar og ikkje i juli? Eller kvifor vi feirar påske? Kva med dagen 6. februar,kva skjer då?

Lykke til med jakta på fakta, mjau!


Vinter og vas!

Vrimmelhimmel kallar eg det når snøen dalar ned på pusestripene mine.
No ligg eg på rygg på puta mi i biblioteket og tenkjer på alle dei artige tinga eg skal gjere når markane i tunet blir kvite av snø. Eg kan rulle, åle, krype, hoppe og liste meg rundt omkring. Eg kan lage snøbrød, snøhulemann og snønisse. Nokre gongar kjem hunden til naboen hit i tunet, det likar eg ikkje. Då kastar eg nokre snøballar med kattepromp etter han så spring han heim igjen. Då kan eg halde fram med alle dei kjekke katteleikane mine til langt på kveld.
Men snøen er enno ikkje komen hit i tunet, så medan eg venter så strekkjer eg den lange kroppen min ut på hemsen og les i bøkene mine. Av og til kosar eg meg med litt fiskegrisar og fiskebollebananar også.
Kanskje ventar du også på vinteren? Om du kjem på nokre superfine ord i mellomtida, kan du gå inn på ordlista mi og fylle ut rutene heiiiilt nede på sida. Då blir eg kjempesuperglad!


Solkos og regnvêrslukke

Åh, så herleg det har vore med sommar! Du kan tru eg har pusekosa meg i sola, solbrillefin og med sommarsveitt stripepels. Og det beste er at ein kan ete tunfiskis og drikke fiskebollebrus kvar dag!

No er ferien over, og det regnar her i tunet mitt. Mange meiner at regn er sølepyttpyton, men eg synest no regn kan vere ganske så plaskefint! Ein finn nemleg heilt andre ord ute når det regnar. Paraplyvenn, regnbukseknirk, eller kva med gjørmejogging! Når eg finn så fine ord blir eg solstrålevarm inni meg, sjølv om eg er heilt høljeregnevåt utanpå.


Grunnlovsgrubling

Å vere ordspion kan vere hardt arbeid, for nokon ord gøymer seg så godt! Då må ein spionsnike og katteluske seg fram for å få tak i dei før dei stikk av. Men andre ord er så elefantstore at dei ikkje greier å gøyme seg, då er dei mykje enklare å finne.

Ein dag då eg rusla rundt i tunet fann eg eit digert ord, det var så stort at eg nesten gjekk rett på det! Ordet var GRUNNLOVSJUBILEUM. Det er stort det. Stort og langt og viktig på ein gong. Eg har ikkje heilt funne ut kva det er enno, men eg høyrer folk seier det mykje for tida. Eg får ta det med opp på hemsen, snuse litt på det, dra litt i det, sjå kva som skjer då. Og når eg har funne ut kva det er, då skal eg invitere deg hit til tunet og fortelje meir om det.


På ordjakt

Eg, agent ordspion Lurivar er alltid på jobb, på jakt etter nye ord. Og kva kan vel vere kjekkare enn det? Vanlegvis kan du finne meg spionluskande og kattekrypande rundt i tunet. Eg leiter under steinar, bak trestammar og mellom busker. Ein veit nemleg aldri kor orda kan gøyme seg!

Men i dag er det hutrekaldt og plaskevått, og eg vil helst berre krølle meg saman på hemsen. Då har eg heldigvis ein lur måte å fortsette ordjakta på. Eg finn fram ei ny bok! I Aasen-tunet er det megamange bøker og i kvar bok er det monstermange ord! Nokre ord er korte, slik som kålbål, andre er lange, slik som fiskegnagarbeidar. Ein kan finne fine ord og rare ord, ord som kitlar eller varmar. Og når ei bok er ferdig, så finn eg berre ei ny. Eg trur nok å vere ordspion må vere verdas kjekkaste jobb!


2 av 512345