Reisekatt

Sjølv om Aasen-tunet sjølvsagt er min fiskefantastiske favorittstad å vere ordspion, så reiser eg av og til ut i verda for å leite etter nye ord. Akkurat som Ivar Aasen gjorde! No har eg akkurat kome heim frå ein limbolang tur rundt i heile fylket og har besøkt over femti skular. Du kan tru eg møtte mange kattekloke ordspionar då! På Dalabrekke skule lagde dei eit glimmerglitrande dikt, det er så fint at eg blir heilt solstrålevarm i alle stripene mine når eg les det.

Lurivardikt

 

Men no er eg glad for å vere tilbake på hemsen min. Etter ein kattekvil skal eg ut i tunet og sjå om eg finn nokon nye juleord. Eg har allereie funne adventerom og stjernegåvesmell. Skal tru kor mange fleire eg kan finne.

 


Hurraheihipphoppheisann!

Tenk, i dag har Ivar Aasen bursdag og det er to huuuundre år sidan han vart fødd! Det er mange flotte år det, men sjølvsagt ingenting når ein tenkjer på alt han faktisk fekk gjort då han levde. No har eg samla på ord i veldig mange år, og meiner at eg har rundt ellevetusenfemhundredeognittitre ord. Då Ivar Aasen laga bok av ordsamlinga si, hadde han heile førtifem tusen ord! Det er mange det, det veit i alle fall eg som har over elleve tusen ord.

Ikkje berre samla han så mange ord, han ordna dei i alfabetisk rekkefølgje og laga forklaringar til kvart ord også. Og eg som har alle mine liggande i ein svær postsekk! Det er altså stor grunn til å rope høgt hurraheihipphoppheisan for Ivar Aasen. Og det beste av alt er at han kom frå det same tunet som eg. Det må vere noko ordelskhugmagisk over denne staden.

Eg har laga ein eigen fødselsdagssong til Ivar, med litt hjelp då, og den kan du høyre her:Hei hurra for Ivar Aasen

Hipp hopp hurra!


Ski O`hoi !

Godt år, kjære Salatbartar!

Eg er i full gang med å vente på snøen, det er nemleg ikkje kome snø til meg her på Aasen-tunet. Eg ventar og ventar, eg har nemleg lyst å lage kattesporord i snøen, dei kjem nok til å bli minst like vakre som snøenglevenger.

I år skal eg samle på mange fine ord som handlar om vinter. I ordlista mi har eg snøbrød, snøhulemann og snønisse. Skøytefløyte er også eit ord som gjer meg lukkeleg. Isfris, iskatt og ispyramide. Brrrrr.

Viss du vil hjelpe meg med fine vinterord til ordlista mi, så send dei til meg i den elektroniske postkassa mi.

 


Tunfiskkongen

Her i Aasen-tunet skjer det alltid masse spennande, ein stjernekatt som eg følgjer godt med på alle som jobbar her. Ein dag var det nokon som hadde med seg tunfisk, dei trudde dei skulle ete den til lunsjpunsj. Eg trur ikkje dei veit at eg er tunfiskkongen. Eg sneik meg ut til kjøleskapet og byta ut tunfisken med punsjlunsjen eg hadde laga, torskebleie. Det var ingen som kunne smake forskjell utanom eg, kongen av tunfisk og tuntre. Eigentleg er eg kongen av Tunet.


Katteleik

Veit du kva den beste katteleiken er? Mange kattar likar å springe om kapp med slike rockemus, og leike i lag med dei. Det gidd ikkje eg.

Eg likar å springe om kapp med ord. Rrrrrraske ord, Laaaaaaaangsame ord. Eg ventar på dei, prøver å fange dei, halde dei fast og stripepipe dei.

Eg er malepusen når eg får tak i dei finastepinaste orda. Purr, Purr.

 

 

 


3 av 512345