Tunkattgrubleri

Eg plukkar meg ein katteløvetann, for det er slikt som katteløver kan.

Her i Aasen-tunet gjekk det for ei tid tilbake ein mann som var like glad i både kattar og løvetann som eg er. Godaste Ivar Aasen. Kanskje han også tok blomsterpottesalto då han fann alle dei blåbærbrillefine blomstrane rett utanfor huset sitt? Det gjer i allefall eg. Blomsterpottesalto og Solgangstango. Ivar samla blomane han plukka i eit herbarium, og veit du, det kan eg faktisk kike på i huset mitt dersom eg spionsmyg meg brillefint langs utstillinga her i tunet. Herbarium er ei samling av blomar, og eg må nysefise når eg luktar på dei, sjølv om dei er limt i ei bok og er over 100 år gamle. Tenke seg til at dei framleis kan vere smekrelekre i fargane.

Nei, no må eg ta tunkattgrublerifri.


Fiskefin 17.mai

I dag er eg, Lurivar, ein hoppelottande glad tunkatt. Det er nemleg vår ute, endeleg får eg høyre den gode bringebærhumle suselyden att. No brukar eg dagane ute på å øve meg til 17. mai, då skal eg nemleg gå i tyggistoget her i Hovdebygda og rope ut dei finaste orda mine i glede over grunnlovsdagen.

Bunadslukketreff! Fiskeflagg! Fløytetøys!

Det blir froskekonge altså!


Pyramidebyggarane

No er dei her igjen. 6. klassingane som lærer om huset mitt. Om arkitekturen. Små, flinke arkitektar, som lagar ei stor pyramide av aviser. Gjett om eg skal studere den når dei har gått. Kanskje eg finn nokre nye ord?


Eg lagar meg et dikt

Det har faktisk blitt ganske enkelt. Eg går berre ned frå hemsen der eg bur, så flyttar eg nokre ord på ei tavle, så blir det fantastiske dikt som det du ser under.

Her om dagen kom det nemleg nokon hit til tunet med ei lita eske med ord. Det er nesten som om eg skulle ha bestilt det sjølv! Kanskje er det nokon andre her i tunet som tenkjer på meg? Det var ein fin tanke.



Boknatta, boktanta

Her om dagen var det noko dei kalla «Boknatta» her i Aasen-tunet.Eg sat og leika meg med det ordet, og fann ut at det var minst ein katt i det! Korleis eg gjorde det? Eg hadde det berre litt artig med å stokke om på bokstavane, då kjem det litt av kvart ut av eitt ord.

Sjå berre her:
BOKNATTA
BOKTANTA
BANKOTTA
TANKBOTA
NATTBOKA
ATTBONKA
BONKATTA
KANTABOT
BANTAKOT
KANOBATT
NABOKATT

4 av 512345