Kattespråkhuset

Eg har det så bra om dagen, at det kriblar i magen.

Aasen-tunet er nemleg fullt av ungar. Kvar dag. Og dei er overalt.
Eg har høyrt at det er 6. klassingar frå Volda og Ørsta som
er på arkitekturbesøk i Aasen-tunet og skal lære om dette kattespråkhuset eg bur
i. Dei er på hemsen, på gangen, i trappa, i salen, i kafeen, i utstillinga og på
do, og eg kan snike meg rundt og snappe opp litt av alle dei fikse ideane og
lure tankane dei har. Eg har funne noko nye ord til ordsamlinga mi òg, to av
husteikningane dei lagar heiter nemleg månehus og krokodillehotell.

Lys i Galleriet

At eg, Agent Ordspion Lurivar av Aasen-tunet likar å leike meg med bokstavar og ord, er ein  kjend sak, men no har eg funne ut at det er andre som er minst like bokstavleikeglade som meg!

I går, då eg kattesneik meg rundt i Aasen-tunet, fekk eg sjå at det var lys i vindauget i Galleriet. Galleriet er eit av husa her i Aasen-tunet, og har plar det vere kunstutstillingar. Då eg kika inn i går kveld var all Donald-kunsten som har vore her i vekevis tatt vekk, og to av dei som arbeider her var i full gang med å lage i stand til ei ny utstilling. Det som no sto der inne var så inni-grantre-med-stjerne-på-fantastisk at eg tok sytten saltomortalar bortover tunet før eg spurta attende. Gjennom vindauget fekk eg sjå dei flottaste bokstavar i all slags materiale. Det var bokstavar av perler og gummi og glitter, dei hang frå kvistar, var måla på lerret og hoppa rundt på ein skjerm.
Då skjønte eg at dette var kunst til barnekunstutstillinga
eg har høyrt snakk om. Nesten hundre ungar frå fem barnehagar har laga flotte bokstav-kunstverk som dei skal stille ut i Galleriet her i tunet. Eg har store planar om å snike meg rundt inne i Galleriet og sjå nøye på all denne flotte
bokstavkunsten som desse bokstavspionane frå barnehagane har laga!

Ordstjerna!

Eg gjekk ein liten tur på stien i går. Det var ikkje helst for å få ro, berre fordi det var så fint vêr. Då traff eg ein gut som gjekk med ei så utruleg stilig t-skjorte, for der stod det ORDSTJERN! Oi, Ordstjerna, tenkte eg, det er jo meg!
Eg tenkte at ei slik t-skjorte måtte eg òg ha, sjølv om eg aldri brukar t-skjorter. Difor sneik eg meg etter guten, for å finne ut meir. Då vi kom opp til Høgetua sette han seg ned på benken, tok av sekken han hadde på ryggen og fann fram matpakka si. Eg sneik meg framom for å sjå meir på t-skjorta, og du må tru eg blei skuffa då eg såg at det eigentleg stod MS NORDSTJERNEN på brystet hans. Selane på sekken hadde dekt til så mykje av ordet at eg vart lurt.
Det er visst ein båt som har det namnet, har eg forstått. ORDSTJERNA, det er uansett meg det!

1000 ord?

Ivar Aasen hadde samla over 20 000 ord til den første ordboka han gav ut. Og eg har framleis berre 455 ord i ordlista mi! Eg er jo ein god ordspion, men treng litt hjelp frå deg òg for at ordlista mi skal bli mykje lengre. Draumen min er at eg skal spionere meg fram til minst 1000 ord før dette året er over. Eg trur eg skal klare det. Om du har høyrt eit artig ord som ikkje står i ei anna ordbok så må du sende det inn til meg!

5 av 512345