Listen to Konsonantmysteriet

Konsonantmysteriet

Ein fredag Lurivar kvilte middag på hemsen sin i Ivar Aasen-tunet, vakna han brått av at ein iskald vind sneia snuten. Svijs! Lurivar sperra opp auga. Han såg ingen andre i rommet, men han kjende likevel med dei lange vêrhåra sine at noko var gale. Kva kunne det vere? Jo, der! Lurivar strekte frampotane mot skiltet han hadde over senga. Til vanleg stod det «Nynorsk er tøft» på det skiltet. No stod det berre « y o    e   ø   ». Konsonantane var borte.

Lurivar spratt ut på golvet. Han opna ei av bøkene sine. Nei! Også i boka mangla orda konsonantar. Det neste Lurivar sjekka var dei gule lappane sine. Noko av det beste Lurivar veit, er nemleg å samle fine og rare ord. Han tjuvlyttar på folk og dyr. Etterpå skriv han ned dei mest merkverdige orda på lappar. Då Lurivar såg den første lappen, knurra han så høgt at dei må ha høyrt det i  heile Aasen-tunet. På lappen der han hadde skrive ned det fantastiske ordet «DUSTEMIKKEL» stod det no « U  E I  E ».

Okei, tenkte Lurivar. Her gjeld det å handle raskt. Kunne det vere ein hund som hadde stole konsonantane? Han strekte snuten mot lappen. Ja visst! Det lukta kald og våt hundepels av arket. Klar til kamp trampa Lurivar ned frå hemsen sin. Ute på plenen framfor Aasen-tunet fekk han straks styrkt mistanken sin: På plenen stod det ein hund.

– Kvar er konsonantane? knurra Lurivar.

Hunden såg dumt på katten og sleikte seg rundt munnen.

– Har du ete konsonantane? remja Lurivar.

Hunden svara ikkje. Lurivar såg oppgitt opp i lufta. Det var då han oppdaga den store skandalen: Der det vanlegvis stod «IVAR AASEN-TUNET» på det store huset, stod det no «AA E  U  E».

Rasande kasta Lurivar seg over hunden og klemde til rundt magen på dyret. Det burde han ikkje ha gjort. Hunden vart like rasande. Han kasta Lurivar fleire meter bortover plenen.

– Ser du ikkje at eg står i band! bjeffa bikkja. – Eg har ikkje ete noko som helst i heile dag.

Lurivar retta på pelsen. No såg han det: Hunden stod i band. Det var nok ikkje dette dyret som hadde vore på hemsen og ete konsonantane.

– Du har rett, mumla Lurivar. – Eg er lei for det.

Resten av ettermiddagen gjekk Lurivar i sirkel på tunet og tenkte. Først då det eigentleg var leggetid for små og store tunkattar, kom han på at ein russisk forfattar skulle lese frå boka si på scena i Aasen-tunet den fredagen. Kanskje det var forfattaren som hadde knabba konsonantane? Dei russiske orda er jo alltid fulle av konsonantar. Det visste Lurivar godt.

Han lista seg inn i resepsjonen.

– Kor er tjuven? kviskra han.

– Tjuven? sa mannen i resepsjonen.

– Den russiske forfattaren, kviskra Lurivar.

– Å, han! Han skulle ta det siste flyet til Oslo.

Lurivar sjekka straks klokka. Siste fly til Oslo gjekk om sju minutt. Heldigvis var det kort veg frå Aasen-tunet til flyplassen.

Lurivar la på sprang. Då han kom ned bakken såg han at passasjerane var på veg inn i flyet. Han sette straks opp farta. Då han kom fram til flyplassen var flyet på veg ut på rullebana. Med sine kvasse klør klatra Lurivar over gjerdet.

– Vent! ropte han og hoppa og vinka alt han kunne.

Det var for seint. Flyet rasa bortover rullebana og letta. Svisj! Ein iskald vind sirkla rundt Lurivar. Han trudde først det var flymotorane som laga vinden, men forstod snart at det måtte vere noko anna.

– Draaaaa heeeeeim! ula vinden.

Lurivar fekk ståpels. Han pilte bort til gjerdet, klatra over det og la på sprang opp bakken mot Aasen-tunet.

Den iskalde vinden følgde like bak.

Svisj! Svisj! Svisj!

– Hjelp! mjaua Lurivar.

Han storma rett opp på hemsen sin, kleiste igjen døra og låste. Det hjelpte ikkje. Den iskalde vinden smatt gjennom nøkkelholet.

– Det er miiine konsonantar, ula vinden, medan Lurivar gjømde seg under dyna.

Brått vart rommet varmt. Lurivar stakk auga forsiktig over dynekanten. På golvet stod det ein gjennomsiktig mann.

– Ikkje ver redd, Lurivar, sa den gjennomsiktige mannen. – Det er berre meg.

Lurivar gispa. Det var Ivar Aasen.

– Var det du som stal konsonantane, Ivar? mumla Lurivar.

– Kanskje, svara den gjennomsiktige mannen.

Lurivar klødde seg bak venstre øyre.

– Men? sa han. – No forstår eg ingenting …

– For over hundre år sidan gjekk eg omkring og samla ord, forklarte Ivar Aasen. – Av desse orda, skapte eg språket vi i dag kallar nynorsk.

– Veit eg vel … sa Lurivar. – Kom til poenget!

– Poenget er at eg ofte følte meg som ei rockestjerne. Eg var ein ekte opprørar. Ei bråkebøtte. I dag, derimot, påstår fleire at nynorsk er gammaldags.

Lurivar sukka igjen.

– Eg veit det også, mjaua han. – Men slike folk bryr eg meg ikkje om. Og eg forstår framleis ikkje kvifor du stal konsonantane?

– Altså, held Ivar Aasen fram. – Etter å ha tenkt lenge, fann eg ut at dersom eg fjerna konsonantane frå orda, ville nynorsk bli pønk igjen.

– Pønk? sa Lurivar.

– Pønk, ja, svara Ivar Aasen.

– Det ordet må eg skrive ned, sa Lurivar.

Tunkatten tok fram ein lapp. Han prøvde å skrive «Pønk» på lappen, men det einaste bokstaven pennen ville skrive var «ø».

– Sjå, Ivar! protesterte han. – Ser du ikkje at orda treng konsonantane sine?

– Jammen …

– Det er ingen som forstår at «ø» betyr «Pønk», forklarte Lurivar.

– Jammen!

– På ein av lappane mine hadde eg skrive «DUSTEMIKKEL», la Lurivar til. – No står det berre «UEIE» på lappen. Det er ingen som forstår kva det betyr. UEIE, UEIE, UEIE! Det høyres ut som babyspråk.

– Jammen!

– Nei, sa Lurivar. – No er det nok jammen. Gi meg konsonantane!

– Jammen …

– Det er forresten ikkje særleg tøft med folk som tøffar seg, sa Lurviar. – Du bryr deg vel ikkje om nokre idiotar som synest nynorsk er gammaldags?

Ivar sukka igjen.

– Nei  … sa han. – Eg burde vel ikkje det.

– Flott! sa Lurivar. – Då kan du vel gi meg konsonantane.

Ivar Aasen hekta av seg sekken han hadde på ryggen. Då Lurivar løfta opp lokket såg han tusenvis av små konsonantar. Han sukka svært tungt.

Huff, mumla Lurivar. – Det blir litt av ein jobb å sette alle desse bokstavane tilbake på plass.

 

Illustrasjon: Monica Egeli