Lars Mæhle

Kvar kjem du ifrå?

Sunndalsøra på Nordmøre.

Kven er favorittkatten din?

Det må bli vår eigen, legendariske hannkatt på 1980- og 90-talet, Julius Desperados.

Kva er ditt favorittkatteord?

Mjau.

Har du eit anna favorittord?

Rabbagast er fint. (Det er det samme som ein villstyring eller bråkmakar.)

Kvifor går folk rundt og seier fyttikatta?

Sikkert fordi dei er misfornøgd med eitt eller anna. Folk er no misfornøgd ganske ofte, etter mi erfaring.

Er du glad i å reise?

Ja! Men eg er også glad i å vere heime.

Skriv du postkort når du er ute og reiser?

Ja, det er eg faktisk ganske flink til. Folk skriv jo nesten ikkje postkort lenger. Men det er mykje hyggelegare å få eit postkort enn ein epost, for eksempel.

Når var du sist i Aasen-tunet?

Det er eit og eit halvt år sidan, under Dei nynorske festspela.

Har du høyrt noko god kattemusikk i det siste?

Tja. Cat Stevens er jo bra.

Når las du sist ei verkeleg god bok?

Det er ikkje lenge sidan. I går las eg i Lars Amund Vaage: Syngja. Den er god, men for vaksne, da. Det er heller ikkje lenge sidan eg las ei bok for barn som fekk meg til å vri meg i latterkrampe. Den er skriven av danske Jakob Martin Strid og heiter Den utrolige historien om den kjempestore pæra. Den kan eg verkeleg anbefale, anten du er ung eller gammal.

Til slutt — og sidan dette er ein kattespalte: Ein gong samla eg faktisk ei heil bok med kattehistorier. Den heiter Mjau! 18 gode kattehistorier for kattemennesker. Det er framleis noko av det artigaste eg har gjort.  http://bokelskere.no/bok/mjau/184103/