Listen to Løve!!

Løve!!

«… ei løve i biblioteket,» sa Bjartmar og såg på Lurivar som låg og sov
på resepsjonsdisken. Lurivar opna augene og prøvde å fordøye orda som Bjartmar
hadde sagt. Hjernen til Lurivar var alltid litt treig etter at han hadde sove.
Den brukte nokre sekund på å vakne skikkeleg. Ei løve i biblioteket? tenkte
Lurivar og gjespa. Kva er det Bjartmar står der og bablar om? Lurivar kjente
ikkje Bjartmar så godt, ikkje enno, i alle fall. Blei sikkert kjent med han
etter kvart. Det tok alltid litt tid å bli kjent med nye folk, spesielt
ferievikarar. Lurivar strekte den lange kroppen sin, vifta litt med klørne og
såg rett ned på nokre sørpete spor som gjekk bort til bibliotekdøra.
Han sperra plutseleg opp begge augene.
Hjernen hans var lys vaken.
Ei løve i biblioteket?!
Ei løve med våte og sørpete labbar!
Han sprang alt han orka opp på hemsen. Han hadde aldri
vore så redd før. Ikkje eingong då han ramla ned frå det høgaste treet i tunet
hadde han vore så redd. Han frykta han kom til å mista eitt av dei ni liva sine
om han ikkje klarte å gøyme seg.
Han kunne høyre han der nede. Han trampa rundt som eit
villdyr. Rota rundt i bokhyllene med dei skitne labbane sine. Kva er det han
vil? tenkte Lurivar. Og kven har invitert han? Er det ikkje nok med eitt
kattedyr i tunet?
Lurivar heldt pusten og lukka augo. Viss han låg heilt
kattestille så ville han sikkert ikkje bli oppdaga. Det var jo slett ikkje
sikkert at han der nede kom seg opp på hemsen. Han var sikkert stor og klumpete,
og så vidt Lurivar visste så kunne dei ikkje eingong klatre.
Det blei heilt stille der nede. Lurivar opna augo berre
littegrann. Dei var som to smale striper i fjeset. Han kattekraup langs golvet
for å høyre betre kva som gjekk føre seg der nede. Det einaste han høyrte var
lyden av nokon som bladde i ei bok. Ikkje noko grynting eller brøling, som
Lurivar hadde forventa. Han stakk nasen litt lenger fram for å lukte. Det lukta
kake, eller kjeks. Han var ikkje sikker. Lukta i alle fall ikkje stor og brun
pels, som Lurivar trudde.
Han kraup ned til resepsjonen. Det var ingen folk der.
Berre Bjartmar som sat og pitla seg i nasen. Korleis kunne han vere så roleg med
ei løve i hus?!
Kanskje han ikkje veit om det? tenkte Lurivar.
Lurivar, din tullekatt! sa han til seg sjølv. Det var jo
Bjartmar som sa det var ei løve her!
Han prøvde å gløyme redsla si, og konsentrerte seg om å
bruke superhøyrsla. Han høyrte lyden av ei bok som sakte blei bladd i. Han hadde
jo superkatteøyre, og kunne høyre lydar som menneska berre kunne drøyme om å
høyre.
Lurivar kraup lydlaust over golvet og inn på
biblioteket. Kunne ikkje la løva oppdage han. Då ville han sikkert bli angripen.
Løver har store labbar og lange klør. Lurivar har klør han òg, men ikkje så
store som løvene sine. Lurivar sine er akkurat store nok til å fange ei lita
mus. Løvene har så store klør at dei kan fange ein heil ferievikar, i alle fall
ein liten katt. Lurivar svelgde ned ein nervøs klump som han hadde i halsen, før
han fortsette å krype langs eine bokhylla. Han følgde etter dei store våte og
skitne labbespora. Han var kanskje redd, men likevel var han nysgjerrig. Han
kunne ikkje for det. Det var berre slik han var. Han var jo trass alt ordspion,
ikkje noko problem for han å halde seg skjult.
Han kom nærare og nærare lyden. Det heile minna han om
den gongen dei hadde hatt boklus på besøk. Dei hadde ete opp fleire av dei gamle
bøkene, slik at dei blei heilt øydelagde. Det måtte ikkje skje igjen! Tenk så
mange bøker ei løve kan sluke?
Nokon kremta, og lukka raskt igjen ei bok. Reiste seg
opp og trampa bort til bokhylla. Det kjendest ut som om heile golvet rista.
Eller var det berre magen til Lurivar som var litt uroleg? Han hadde ete uvanleg
mykje tunfisk dagen før. Han venta berre på at løva skulle kjenne lukta av han,
brøle ut i bokrommet og springe etter han og ete han opp. Med bok og hår og alle
orda han hadde samla på. Han tenkte på gitaren sin. Kvifor hadde han aldri lært
seg å spele? Han klarte ikkje å bevege seg, han var som frosen til is! Som
supermjuk vaniljeis med sjokoladestrø. Ikkje tenk på mat no! sa han til seg
sjølv og kom seg opp på alle fire. Inga meir kryping. Han la på sprang ut av
biblioteket, men døra small igjen rett framfor snuten hans. No var han
innestengt på biblioteket saman med ei fresande og knurrande løve.
Nokon knurra ein eller annan stad der inne. Det var
sikkert løva. Han hadde sikkert høyrt at døra gjekk igjen. Nokon trampa i
golvet. Først rolege steg, men plutseleg begynte dei framande løvebeina å
springe. Lurivar visste ikkje kor han skulle gjere av seg. Følte seg ikkje mykje
lur der han stod. Måtte finne ein stad å gøyme seg. Trampinga blei høgare og
høgare. Han såg for seg dei skarpe tennene til løva. Høyrte knurringa og
fresinga.
Brått opna døra seg og Bjartmar løfta han opp. Lurivar
pusta letta ut. I alle fall for ei lita stund. Trampinga var like rundt hjørnet.
Ein liten ferievikar var vel ingen kamp for ei stor løve? Løva kunne jafse dei i
seg begge to, utan å nøle! Lurivar klatra oppover hovudet til Bjartmar, klorte
opp kinnet hans, sparka av han brillene.
– Kva er det driv med? kjefta Bjartmar.
Lurivar fekk ikkje fram eit einaste ord.
– Ta deg saman! sa Bjartmar og drog han ned frå hovudet
sitt etter halen.
Det trampa i golvet. Fresa i løva. Lurivar klamra seg
til ansiktet til Bjartmar.
– Løve! sa Lurivar. – Det kjem ei løve mot oss! Ei stor
freseløve som skal frese oss opp!
Bjartmar reiv Lurivar laus frå fjeset sitt og såg rart
på han. – Kva meiner du?
Trampinga slutta og framfor dei stod ei lita rund jente
med musefletter og store raude kinn. På føtene hadde ho store, skitne støvlar. I
den eine handa hadde ho ein pose med smultringar, i den andre hadde ho ei stor
bok. Ho togg på noko.
– Dette er Mathilda, sa Bjartmar. – Ho har lese fleire
bøker enn alle andre på heile skulen sin, faktisk fleire enn alle i heile
kommunen. Ho er ei skikkeleg Leseløve. Eller ein bokorm, om du vil.
Leseløve, tenkte Lurivar. Kvifor blande inn løver i
dette? Og ormar? Han hadde aldri sett ei løve med ei bok før. I alle naturbøkene
han hadde lese om dyra i Afrika hadde han aldri sett ei einaste løve som las. Og
ormane? Det var ikkje alle ormar som hadde auge eingong. Kvifor i all verda
skulle dei lese bøker? Ville det ikkje vere meir naturleg å kalle folk som les
mykje for Lesekatt? Kattar les jo utruleg mykje bøker!
– Har du lyst på noko godt? spurte Mathilda og gav
Lurivar ein stor smultring med noko kvitt og mjukt på.
Han stakk ut tunga og smaka. Hmmm! det var herleg. Det
var det som lukta så godt!
– Kva er dette kvite og mjuke? spurte han.
– Det er glasur, sa Mathilda. – Kom skal eg lese for
deg!
Ho sette seg på golvet med ei bok, i fanget hennar låg
Lurivar og slikka av glasuren. Tenk at han hadde blitt så redd for denne jenta.
Trudd at ho var ei løve? Så teit det går an å bli! Han tenkte litt på alle orda
han hadde lært i dag. FRESELØVE, LESELØVE, BOKORM, LESEKATT og GLASUR.
Går det an å vere glad og sur på same tida? tenkte han.
Gladsur?
Illustrasjon: Monica Egeli