Listen to Lurivar  og  løyndomen

Lurivar og løyndomen

Tunkatten Lurivar låg og myste ute i vårsola. Han hadde funne seg ein lun
krok der solstrålane hadde steika ei god stund, og han var rett så nøgd der han
låg. Han kjende kor steinhella varma under magen og blunka nøgd. Høgre labben
låg og kvilde over eit eller anna.
Om du ikkje visste betre, og det gjer du no heller
ikkje, ville du kanskje tru det var ein liten grå stein katten hadde slikt godt
grep om. Men det var ikkje ein liten grå stein. Det var ei lita grå mus. For å
vere heilt nøyaktig: Ei spissmus. No glipa Lurivar med høgre auge, kika på musa
og løyste litt på grepet. Tru om denne musa har nokre godbitar å by meg, tenkte
han med seg sjølv. Kanskje eit par fine ord å starte dagen med?
Musa på si side byrja å få nok av det heile. Ho hadde
trass alt lege under den tunge labben ei god stund. Ho grubla på kva det neste
skulle bli. Med eitt braut ho stilla:
– Skal du ete meg no?
Musa hadde no aldri vorte eten før, men hadde høyrt
slektningar kviskre grisk om slike lagnader. Spissmyser som døydde i kattepine
vart rekna for heltar om dei gjorde stor motstand. Viss ikkje vart det stilt,
det var ei stor skam om dei ikkje hadde mot til å kjempe for seg sjølv. I alle
fall var det slik i hennar familie. Så no måtte ho lure Lurivar. Ja, for ho
visste godt kven han var. Det var ein heil del snakk om han og denne
ordsamlinga hans. Somme meinte det var skumle greier. Andre meinte var
noko stort tull berre ein lat tunkatt ville bruke tida på.
– Du, denne ordsamlinga di, er ho farleg?
– Det kjem no an på kva du brukar ho til.
– Å.
No for musetankane attende til desse å vere
eller ikkje vere
-tankane.
– Kva vart det til, skal du ete meg, eller skal
du ikkje?
– Ete deg? Eg veit ikkje nett, mol Lurivar. – Har ikkje
heilt bestemt meg enno, blunka han.
– Og når gjer du det då?
– Når tida er inne, tenkjer
eg.
– Når er tida inne då?
– Ganske snart, skulle eg tru, om du ikkje sluttar med
den masinga di.
Spissmusa vart knyst ei heil lita stund.
– Eg synst du skal spare meg, svara ho kjekt. (Litt
kjekkare enn ho var i grunnen.)
Lurivar gjespa og strekte seg vel og lenge utan å sleppe
taket. Han brydde seg ikkje med å seie noko. Musa var i slett humør no og hadde
reint gløymt å vere redd.
– Er det ikkje slik at de kattar ikkje et oss
spissmyser? De kanskje berre gjer det for moro?
– Ja, kanskje det, kom det lågt frå Lurivar. ˗ Berre for
moro, sa han, mest til seg sjølv, og letta litt på labben.
Spissmusa freista å pile av garde. Men før ho rakk
tenkje tanken, skaut katteklørne ut. Og dei var kvasse, om det skulle vere tvil
om den saka.
– Det er vel ikkje berre moro heller, musa stirde
Lurivar rakt inn i augo.
– Blir det ikkje mykje klin om du tek livet av meg, for
ikkje noko? Du som er så fin i pelsen og alt, smiska ho.
Å jau, der måtte Lurivar gje spissmusa rett, morgonsola
spegla seg mest i den blanke pelsen. Alt såg så fredeleg ut denne vårdagen. Folk
som gjekk forbi, såg berre ein doven katt der han låg og strekte seg på kattars
vis. Kanskje tenkte dei at eit slikt liv, ja det hadde vore noko. Det var berre
Lurivar og spissmusa som visste at her, på sjølvaste Aasen-tunet, gjekk det føre
seg ein kamp på liv og død.
– Om du sparar meg, kviskra spissmusa, skal eg fortelje
deg ein løyndom.
Lurivar spissa øyro. Løyndom … Alt dette han
ikkje visste noko om, og som låg der i det ukjende og lokka på han. Det var
ikkje kvar dag han vart servert slike delikatesser til ordsamlinga. Før han fekk
tenkt seg om, letta han på labben for å høyre betre. For som kattar flest sette
han pris på ei god historie.
– Jau, no skal du høyre, byrja spissmusa …
Og svisj! Der pila ho av garde i vill fart. (Eller så
vilt det kan bli, når ei lita mus fyk av garde.)
Då ho kom på trygg avstand stogga ho for å sjå kva
Lurivar tok seg til.
Men han låg der like roleg og slikka potane.
– No. Kva var no den der løyndommen din? spurte han
roleg.
– Nei. Spissmusa drog på det. ˗ Eg hadde vel ikkje nett
nokon løyndom å fortelje.
– Å? Kvifor sa du det då? undra Lurivar.
– Nei, det var vel mest for å dra ut tida.
– Dra ut tida? Kvifor dra ut tida?
– Eg var visst ikkje heilt klar for å døy i dag.
– Nei nei. Slik er det med den saka.
– Ja, det er vel det.
– Du får gje beskjed då.
– Om kva då?
– Når du er klar.
– Å, på den måten. Nja. Det blir vel ikkje heilt med det
første.
– Eg kan no vente. Du veit kvar du finn meg. Torsdag om
ei veke, til dømes. Då har eg ein time ledig. Stikk innom, om du ikkje har livet
for kjært.
Spissmusa skalv lett.
Det var ikkje kvar dag sjølvaste Lurivar vart lurt,
tenkte han med seg sjølv. Det skulle ho ha, den vesle musa. Ikkje det at han
ville ha knerta ho, nei, slikt låg ikkje for han. Men det trengte ikkje nokon få
vete noko om, i alle fall ikkje ei lita spissmus. Nei, det skulle vore likt seg.
Eit kvart måtte då ein tunkatt få ha for seg sjølv.
– Og du? heldt Lurivar fram. – Eg veit forresten kva den
løyndomen din er.
– Å?
– Eg trur det må vere det, at de spissmyser ikkje er så
dumme som mange trur.
– Å takk.
– Ja, takk medan du enno kan, svara Lurivar, og pussa
vidare på den blanke vårpelsen.
Illustrasjon: Monica Egeli