Listen to Lurivar  på  heimlån

Lurivar på heimlån

Ein dag kom ein av nabogutane gåande inn på tunet. Han sa:
– Du Lurivar, eg har lyst til å ha katt.
– Det er det mange som har, sa Lurivar.
– Men mor mi seier at det ikkje er berre berre med ein katt.
– Å? sa Lurivar – Korleis da ikkje berre berre?
– Jo, ho seier at kattar berre kan gjere to ting: Å stå framfor kjøleskåpet
og mjaue, og å ligge på sofaen og røyte.
– Ja, litt mjauing og røyting må ein nok rekne med.
– Og at dei klorer opp strietapetet, sa guten.
– Nokre av oss – ja, sa Lurivar.
– Og seigpiner mus, sa guten.
– Jo, jo, men så er vi også flinke til å male og kose. Og mange seier at
tunge og triste rom kviknar til når det kjem ein katt inn. Ein sofa ser ofte
meir komfortabel ut med ein katt enn utan ein katt.
– Det synest eg også, sa guten. – Så eg lurte på om eg kunne få låne deg i
dag. Så kan eg vise mamma at kattar ikkje er så ille.
– Låne meg? sa Lurivar.
– Ja?
– Jaja, men du må hugse å levere meg tilbake!
Dei to gjekk i lag bort frå tunet og i retning nabohusa. Guten sa:
– Men du må ikkje røyte i sofaen, altså.
– Nei–nei, sa Lurivar.
– Og ikkje stå framfor kjøleskåpet og mjaue.
– Det skal eg heller ikkje.
– Og ikkje klore opp strietapetet.
– Ikkje røyte, ikkje mjaue og ikkje klore, sa Lurivar. – Det er jo akkurat
slikt kattar gjer, så det blir ikkje lett. Men eg skal prøve.
Dei gjekk ei stund og tenkte kvar for seg. Så sa Lurivar med eit smil som
guten ikkje såg:
– Kva med å røyte framfor kjøleskåpet og mjaue framfor strietapetet?
Guten stoppa og såg alvorleg på han.
– Nei, sa han. – Ikkje hår og ikkje klør.
– Ok, sa Lurivar.
Da dei kom heim til guten, sat mora på kjøkkenet, bøygd over sjølvmeldinga.
Ho rista på hovudet og sukka. Det var mange vanskelege ord der. Minstefrådrag og
nettoskatt og likningsverdi.
– Eg har fått låne ein katt, mamma, sa guten.
– Av kven? sa mora.
– Av katten sjølv, sa guten. – Han heiter Lurivar.
– Jaja, men eg har akkurat støvsugd sofaen, sa mora.
Lurivar og guten heldt seg i stova for ikkje å forstyrre mora.
– No skal eg lage ei katteleike, sa guten.
Han henta ein lang tråd, og i enden av tråden bretta han ein gul
post–it–lapp.
– No dreg eg denne langs golvet, fort, og så skal du fange den.
Lurivar nikka.
– Det kan eg godt, men for kvar gong eg fangar ein gul lapp, må du finne på
eit nytt ord og skrive det på lappen.
Det syntest guten var ei heilt grei ordning, og så satte dei i gong. Først
var dei varsame og påpasselege. Men ein har lett for å gløyme seg når ein har
det artig. Og snart hadde guten skrive mange gule lappar der det stod
VEGG-TIL-VEGG-TEPPELEPPE og TAKLAMPEPUTE og KRYSTALLVASEMASEMAMMA og
GARDINSTANGPANG og GAPSKRATTEKATT. Kvar gong han skreiv eit nytt ord, las han
det opp for mora, men ho svarte berre med «hmmm» og «jaha».
Like etter at guten hadde skrive BLOMSTERPOTTESALTO stod mora brått på
dørstokken og ropte:
– For eit forferdeleg leven! Og for eit forferdeleg kaos!
Lurivar og guten såg seg om.
– Ops! sa guten.
– Nei og nei! sa Lurivar.
– Det ser ut som to gorillaer har dansa her!
Lurivar reiste seg og prøvde å børste av seg utan å røyte.
– Dette er ikkje likt meg. Eigentleg er eg meir snill enn vill, sa han.
– Eg også, sa guten.
– Her må eg slite med sjølvmeldinga medan de spring rundt og skrattar og
herjar, sa mora. Ho peikte på ei lampe og sa: – Det der er ei stålampe. Ikkje ei
liggelampe.
– Vi skal sjølvsagt rydde opp, sa Lurivar.
– Ja, det kan du skrive opp, sa mora. Så nappa ho katteleika ut av handa
til sonen. Fjeset hennar mista det alvorlege draget. Brått sprang ho gjennom
rommet, medan ho ropte over skuldra:
– Katte– og guteleike!
Guten og Lurivar smilte overraska til kvarandre, før dei sprang etter, opp
på loftet, over og under ei seng, ned att trappa, ut og rundt ein bil, før dei
nådde ho att oppi eit epletre.
– No må du skrive eit ord på lappen, sa guten. Han rakte mor si ein
blyantstubb.
Mora tenkte seg om, hektisk raud i kinna. Ho smilte lurt og skreiv. Sonen
fekk lappen tilbake og las:
– LURVELEVEN!
– Nei, sa mora, les ein gong til!
– LURIVARLEVEN! står det.
Nede att på bakken sa mora:
– No skal eg finne noko godt i kjøleskåpet medan de ryddar. Og etterpå skal
vi kvile ut på sofaen, alle tre.
– Men ikkje bort i strietapetet? sa Lurivar.
– Nei, sa mora. – Ikkje bort i strietapetet.
Illustrasjon: Monica Egeli