Listen to Lurivarjegar

Lurivarjegar

Det er natt. Katten Lurivar ligg på hemsen og kviler, øverst på bokhylla med eine poten utfor kanten. Han opnar først det eine auga, så det andre.
– Nei, her kan eg ikkje liggja, tenkjer han.
Han strekkjer seg og geispar.
– Kattar skal ikkje sova om nettene, dei skal jakta, mumlar han.
Han tar sats og hoppar ned frå bokhylla. Han landar mjukt på potane nede på golvet. Så smett han gjennom døra og ned trappene og ut døra, like ut i Aasentunet.
Du og du for ei fin natt. Der er ein stor rund måne og fullt av stjerner over han. Men Lurivar ser ikkje på månen og stjernene, han har det for travelt til det. Han smyg seg gjennom nokre buskar og legg seg langflat ned på bakken med øyro som strittar rett opp. Jegaren er klar. Han er på nattejakt.
Men kva skal han jakta på i natt? Han er lei av Aasentunmusene. Han er rett og slett blitt litt matlei.
Ein småfugl kanskje, tenkjer han. Han ligg der heilt flat og lyttar. Klørne går ut og inn i potane hans slik dei alltid gjer når han har det bra. Og no ligg han her og ventar.
– Søv alle småfuglane om nettene? undrast han.
Vinden susar gjennom trea. Ei ugle ular eit stykke unna. Men ellers er det heilt stille. Like til… Han høyrer noko. Det kraslar i graset.
Lurivar hoppar fram. Han sprett mot der det kraslar. Og så ser han ei lita padde som fer av stad. Ho sprett så ho fyk gjennom graset, bortover vegen, ned i vegkanten og så vidare bort.
– Paddekrassel, mumlar Lurivar.
Han blir ståande og sjå etter padda.
– Nei, padder smaker nok ikkje noko godt, tenkjer han.
Han står så lenge og ser etter padda at han ikkje med ein gong merkar at det flyg ei kråke over hovudet hans. Men så oppdagar han kråka som stuper ned mot han.
– Kra, kra, skvatrar kråka.
Og ho sneiar nesten hovudet til Lurivar før ho flyg opp att og er høgt høgt der over han.
– Å, du kan berre prøva deg ditt kråkekre, remjar Lurivar.
Han legg seg klar.
– Berre prøv deg igjen, du kråke.
Og kråka kjem. Ho stuper mot Lurivar på nytt, og i det ho er like over hovudet hans sprett Lurivar til, han fyk opp med labbane framfor seg i lufta. Men då er kråka alt høgt der oppe.
– Kom berre ein gong til, ropar Lurivar.
Og kråka kjem. Ho flyg rett mot han, og han sprett det høgaste han kan i det ho er like over han, men kråka er som eit lyn borte.
– Kra, kra, kra, skvatrar ho.
Lurivar krummar ryggen. Kråka tergar han, han forstår det godt.
– Ditt skratrande kråkekre, knurrar Lurivar.
Han legg seg så klar som han berre kan. Denne gongen skal ikkje kråka sleppa unna. Neimen om ho skal.
Kråka stuper på nytt, men når han henne? Nei. Gong på gong stuper kråka, ho skvatrar og flyg unna, skvatrar og flyg unna.
– Ditt skvatrande kråkekre, murrar Lurivar.
Same kor han sprett så når han henne ikkje. Men så er visst kråka blitt lei. Ho berre flyg i ring der oppe høgt over han og kraar.
Lurivar set seg ned. Øyro står rett opp. Han har kome på noko. Har han ikkje nettopp fanga nokre nye flotte ord. Skvatrekråke. Kråkekre.
Orda er ikkje småfugl eller kråke, og han kan ikkje akkurat eta dei, men orda kitlar så godt i halsen.
Kråker smaker vel uansett ikkje noko godt. Og i grunnen så får han mat nok i Aasentunet, svelta gjer han så visst ikkje. Kråka kan berre kraa det ho vil der oppe.
Ein jegar kan jakta på så mykje, tenkjer Lurivar der han sit. Ein jegar kan jakta på mus og på småfuglar, og på ord. Og på gleder også.
– Kråkekre, tenkjer han.
Og det kitlar så godt å tenkja på ordet. Det kitlar som ei glede.
– Skvatrekråke.
Han stryk seg mot ein busk og halen er rett opp.
Og så kjem han på endå eit nytt ord han har fanga.
– Paddekrassel.
Han lar orda rulla rundt i munnen. Jau, ord kan sanneleg smaka godt, dei og.
Lurivar går sakte tilbake mot Aasentunet. Tilbake til hemsen med bokhylla. Tilbake til den aller beste soveplassen, høgt, høgt oppe på hylla.
Akkurat i det han går inn døra, kjem han på endå eit ord. Han tar det med i munnen der han sprett opp trappene. Han bykser opp på bokhylla og legg seg flatt ned med berre eine auga ope. Då først smakar han på ordet.
Lurivarjegar.
Det smakar som snop.