Maria Parr

Kvar kjem du ifrå?
Eg kjem frå Fiskå i Vanylven
Kven er favorittkatten din?
Det var nok Herr Amadepus frå Hopeigna – men han er dessverre død no, og
gravlagd nedom huset vårt.
Kva er ditt favorittkatteord?
«Porren-kissen-MJAU» (Dette ordet skal du seie med lys, lys stemme og
rullande r. Då vert det ekte kattespråk.)
Har du eit anna favorittord?
Rabbe
Kvifor går folk rundt og seier fyttikatta?
Det har eg ofte lurt på. Er det fordi dei ikkje likar kattar? Nei, det kan
det ikkje vere…
Er du glad i å reise?
Ja, eg er glad i å reise, men eg er enno gladare i å kome heim. Akkurat no
har eg mest lyst til Finland – og så har eg lyst på fjellet.
Skriv du postkort når du er ute og reiser?
Nei, det er eg ikkje så flink til, men eg fortel veldig mykje når eg kjem
heim. Kanskje skulle folk ønske eg sende postkort i staden for.
Når var du sist i Aasen-tunet?
Der var eg no i vår.
Har du høyrt noko god kattemusikk i det siste?
Hm…Når Festus, katten til syster mi ein sjeldan gong mæl, då let det som
musikk.
Når las du sist ei verkeleg god bok?
Det var førre veke. Då las eg «Trollvinter» av Tove Jansson. Den handlar om
Mummitrollet som vaknar opp av vinterdvalen og ikkje får til å sovne att.
Heldigvis vaknar Lille My også.
Og så opplever dei den fyrste vinteren sin.
(12.09.06)