Listen to Oldemor  rock

Oldemor rock

Oldemor blir berre galnare og meir koseleg for kvar dag som går. Ho er framleis 80, 90 eller 100 år. Ja, det er mange som trur ho er endå eldre! I denne boka lurer ho mor til lensmannen, lensmannen kokar gulrøter, og han får smake sin eigen medisin.

Ingvar Moe (1936-93)
Fødd i Etne, Hordaland, og debuterte som forfattar i 1975 med diktsamlinga løktastolpefrø. Han gav ut over 20 bøker for born, ungdom og vaksne, m.a. dikt, noveller, romanar, kåseri og lærebøker, og skreiv viser og songtekstar, som er tonesette m.a. av Olav Stedje og Vamp. Han skreiv fire bøker om oldemor og hennar ville påfunn, og alle forteljingane er samla i Alt om oldemor! (2003).