Listen to Onkel  Oskar  spring  naken  heim  til  jul

Onkel Oskar spring naken heim til jul

Nye historier om onkel Oskar. Alle barn har berre godt av å drive med idrett, meiner onkel Oskar, så dei blir sterke og sunne og kjem seg i form til OL på Lillehammer i 1994!

Torvald Sund
Fødd i 1952 i Råkvåg i Nord-Trøndelag, og debuterte i 1979 med ungdomsromanen Haustsommar i reinfjellet. Torvald Sund har skrive fleire bøker for born og ungdom, noveller for vaksne og skodespel. Mange av bøkene har handling frå miljøet på Trøndelagskysten. Dei mest kjende barnebøkene hans er den humoristiske serien om onkel Oskar, som det også blei laga film av — Onkel Oskar (1997). Torvald Sund har fått fleire prisar for bøkene sine, m.a. Nynorsk barnelitteraturpris i 1982 og 1992, Ole Vig-prisen 1985, Skolebibliotekarforeningens litteraturpris 1987 og Trøndersk Målpris i 2000.