Per Olav Alvestad

Kvar kjem du ifrå?
Eg kjem frå Husnes i Kvinnherad kommune. Ei nydeleg bygd ytst i
Hardangerfjorden.
Kven er favorittkatten din?
Her må eg nok skuffe deg Tunkatten, for mine favoritt»kattar» er hundane
våre Tyr og Toya;-)
Kva er ditt favorittkatteord?
Som den sjømannen eg føler meg, må det vel vere Kattegatt.
Har du eit anna favorittord?
Glasur! Eit morosamt ord som er sett saman av to ord som betyr det motsette
av kvarandre.
Kvifor går folk rundt og seier fyttikatta?
Fordi dei aldri har høyrt om grisen…Fyttigrisen;-)
Er du glad i å reise?
Eg er veldig glad i å reise. Har vore 5 månader i Afrika med ein kompis og
vil veldig gjerne tilbake dit. I sommar var eg i Australia, der òg var det
veldig fint.
Skriv du postkort når du er ute og reiser?
Prøver å vere flink til det ja. Det blir til besteforeldre og
gammaltanter.
Når var du sist i Aasen-tunet?
Der har eg dessverre aldri hatt gleda av å vere.
Har du høyrt noko god kattemusikk i det siste?
Det må vel vere noko av «The Pussycat Dolls» det da.
Når las du sist ei verkeleg god bok?
Det var no i slutten av sommaren. Den siste til Jo Nesbø, kjempebok. Eg er
veldig glad i å lese bøker. Det har eg vore heile livet.