Ragnar Hovland

Kvar kjem du ifrå?
Bergen, Strandvik og Luster.
Kven er favorittkatten din?
Katten Fritz.
Kva er ditt favorittkatteord?
Voff! (som er vanleg å bruke for å terge katten)
Har du eit anna favorittord?
Raspeball.
Kvifor går folk rundt og seier fyttikatta?
Det gjer dei då vel ikkje? Har eg iallfall aldri høyrt.
Er du glad i å reise?
Ja. Til Luster.
Skriv du postkort når du er ute og reiser?
Ja.
Når var du sist i Aasen-tunet?
I fjor sommar.
Har du høyrt noko god kattemusikk i det siste?
Nei, men eg høyrde noko ganske dårleg for eit par kveldar sidan. Kattane er
ikkje så musikalske som dei vil ha det til.
Når las du sist ei verkeleg god bok?
Ganske nyleg. Arnt Birkedal: Kaninar og kaninar
(07.06.07)