Ragnfrid Trohaug

Kvar kjem du ifrå?
Eg er ikkje noko fjøskatt, akkurat, eg kjem frå fleire enn berre ein stad.
Bodø, Borgund, Bergen, Bø, Wales, Svalbard, London, Oslo er stader eg har budd.
Så eg meiner eg er litt frå alle desse stadene. Men eg snakkar som ein slags
Bodøværing, og slår over til bergensk når eg går meg vill i Oslo, for eg synest
det er for gale at nordlendingane skal ha det på seg at dei går seg vill i
hovudstaden.
Kven er favorittkatten din?
Viss eg er i sjølvdiggarhjørnet, er det katten Ragnfrid Trohaug, som bur på
Nordmøre. Den er oppkalla etter meg, av nokre gutar som eg var på skolebesøk hos
med bøkene mine. Eg ante ikkje at dei hadde likt besøket så godt at dei
kalla katten opp etter meg, men det gjorde dei altså. Til dagleg er det Luskis,
ein dansk-norsk katt som er av det eldre slaget.
Kva er ditt favorittkatteord?
«Copy cat». Det er engelsk og tyder hermegås. Om nokon hermar skal du berre
seie (med ertestemme, mens du bøyger hovudet frå side til side): – Copy cat,
copy cat, sitting on the door mat!
Har du eit anna favorittord?
Glimragande. Fandundeleg, rydderot og ikkje minst: HURRA!
Kvifor går folk rundt og seier fyttikatta?
Eg blir sur når folk seier det, for eg elskar kattar, sjølv om eg er
allergisk. Skulle ønske dei sa: fyttihunden, eller: fyttirotta istaden.
Fyttigrisen er det mange som seier, men det synest eg er litt stygt mot grisen.
Folk er så slemme mot grisen. Han kan vel ikkje for at han er tjukk og
gryntete.
Er du glad i å reise?
Ja! Eg har lyst å ri hest i full fart over Ildlandet i Argentina, springe i
vinden på Prince Edwards Island der Anne frå Bjørkely var i frå, rafte i Grand
Canyon, USA, stå på ski i Dolomittane, gå Himalaya og spele bordtennis i Kina.
Og kanskje fiske på Færøyane.
Skriv du postkort når du er ute og reiser?
Det har eg slutta med, for ingen forstår handskrifta mi likevel, og det har
dei aldri gjort, eigentleg. I mange år sendte eg kort til veslebroren min, og
ein dag fekk eg vite at han ikkje las dei, fordi dei var uleselige. Eg burde
heller ha brukt frimerkekronene på brus og snop.
Når var du sist i Aasen-tunet?
For sju år sidan. Og eg kjem til sommaren. Håper dei har bordtennisbord
der.
Har du høyrt noko god kattemusikk i det siste?
Ja, Eivør Pálsdottir frå Færøyane. Ho burde vere i tunet, det hadde liva
opp. Ho syng så vakkert på eit språk som liknar nynorsk, og ser så stileg ut.
Dessutan er ho ofte barbeint.
Når las du sist ei verkeleg god bok?
Den farlege reisa av Erna Osland. Den er skikkeleg god, og den går
føre seg i Amazonas. Så no har eg vore der også.
(12.03.07)