Roald Kaldestad

Kvar kjem du ifrå?
Eg kjem frå Stord.
For tida bur eg i Skrivarvegen (!)  men etter nyttår flyttar eg (tru det
eller ei) til Kattatveit.
Kven er favorittkatten din?
Er redd eg må svara Heavykatten… Men Lurivar kjem høgt opp på lista,
altså.
Kva er ditt favorittkatteord?
Hmm…er litt usikker her. Men eg har eit favorittdikt som er litt
katteinspirert. Det er skrive av Carl Sandburg, og så har far min Per
Olav omsett det:
Skodda kjem
på liten kattefot
Ho sit og granskar
hamna og byen
på stille bakbein
og går sin veg
Har du eit anna favorittord?
«Brillefint». Det er i allefall eit ord eg brukar mykje. Og
«makalaust».
Kvifor går folk rundt og seier fyttikatta?
Det veit eg ikkje, men som katteforfattar likar eg dårleg at folk misbruker
katten sitt navn…
Er du glad i å reise?
Eg elskar å reise og no vil eg aller helst til Kattatveit 🙂
Skriv du postkort når du er ute og reiser?
Nei. Det blir vel helst ei tekstmelding, eller epost frå ein kafe.
Når var du sist i Aasen-tunet?
Der har eg aldri vore. Eg skjemst… Men det kan fort bli ei råd med det i
2008 skal du sjå! (blunkar han lurt)
Har du høyrt noko god kattemusikk i det siste?
Massevis! Her er topp 10:
10 Cats In The Cradle – Cat Stevens
9   What’s New Pussycat – Tom Jones
8   Nashville Cats – The Lovin» Spoonful
7   Cat food – King Crimson
6   Stray Cat Strut – The Stray Cats
5   Lille pusekatt – Div. artistar
4   Cat People (Putting Out Fire) – David Bowie
3   Gus: The Theatre Cat- Andrew Lloyd Webber
2   To the Sea – Katzenjammer
1   Katten också – M A Numminen
Når las du sist ei verkeleg god bok? 
Du er vel vakker av Erna Osland var ei heilt spesielt nydeleg bok.
Den vil eg anbefale til alle som nokon gong har vore glad i nokon.
(24.01.07)