Runar Gudnason

Kvar kjem du ifrå?
Mora mi er frå Hovdebygda, faren min er frå Island, eg har flytta ein del
rundt, og i dag bur eg i København. Men skal eg velge éin plass som heimstaden
min, må det verte Hovdebygda, for det er her eg vaks opp.
Kven er favorittkatten din?
Rossi! Han var katten vår då eg var tenåring, og han var veldig glad i å
leike.
Kva er ditt favorittkatteord?
Au mjau kattarau.
Har du eit anna favorittord?
Dette er det vanskelegaste spørsmålet eg veit om. Det finns så mange ord eg
likar; eg arbeidar jo med ord heile tida, og eg likar både gode dialektord,
nynorskord, danske, engelske og arabiske ord. Eg er glad i ord som ser bra ut på
trykk eller høyres bra ut i tale, eg er glad i ord med kraftige lydar eller rare
tydingar – kva som helst, berre dei smakar bra! Eg har vel om lag 1000
favorittord.
Kvifor går folk rundt og seier fyttikatta?
Godt spørsmål. Det er vel ei form for banning, og det kjem kanskje frå å
seie «fy til katta»? Viss nokon finn det ut, vil eg gjerne høyre svaret.
Er du glad i å reise?
Ja, eg er veldig glad i å reise. Akkurat no har eg lyst til å reise til New
York. Der har eg aldri vore, og det er både rapmusikken og jazzmusikken sin
hovudstad.
Skriv du postkort når du er ute og reiser?
Det gjer eg faktisk. Eg brukar å skrive ting som «her er det 27 grader! Æta
bæta! Tippar det er bra kaldt i Hovdebygda, ja.»
Når var du sist i Aasen-tunet?
Det var vel under Dei Nynorske Festspela tidlegare i år.
Har du høyrt noko god kattemusikk i det siste?
Kattemusikk? Hm, det får meg av ein eller annan grunn til å tenke på tango.
Og det kan jo vere fint. I forrige veke haurde eg faktisk den nye plata til
Tango Orkestret, som er eit dansk tangoorkester. Kjempetøft!
Når las du sist ei verkeleg god bok?
Eg les mange gode bøker, og gjerne to på same tid. Akkurat no held eg på
med «Dommedagskrigen», ei veldig spennande og tjukk bok av ein latinamerikansk
forfattar som heiter Mario Vargas Llosa. Og så les eg kvar kveld for sonen min,
som er 10 år. No held me på med den sjuande boka i ein serie som heiter «En
ulykke kommer sjelden alene» av ein amerikansk forfattar som heiter Lemony
Snicket. Det er ein serie eg vil anbefale på det varmaste.
(2.1.07)