Solveig Hareide

Solveig Hareide har vore programleiar i Newton på NRK. Der har ho mellom anna sendt ein dings ut i verdsrommet og testa kven som er smartast av hundar og kattar.

Kvar kjem du ifrå?
Eg kjem frå Florø i Sogn og Fjordane.

Kven er favorittkatten din?
Det må vere nabokatten min. Eg har nemleg hund sjølv, og er veldig takksam for at nabokatten er roleg og snill, og ikkje klorar hunden min i auga. Elles er Pusur ein tøff fyr, og du er jo ganske søt då, Lurivar.

Kva er ditt favorittkatteord?
Kanskje kattepine?

Har du eit anna favorittord?
Blåbærpannekake. Det et eg ofte på fredagar. Sukkerspinn og klossmajor er og fine ord.

Kvifor går folk rundt og seier fyttikatta?
Grunnen til at folk seier akkurat det når dei blir sjokka eller sinte, er vel at det ikkje er heilt banning, men det er litt kraft i det likevel. Og så kling det så fint. Eg trur folk ofte seier det når dei står i bilkø i sentrum. Og når det er motvind og sludd samstundes. Det er det ofte der eg kjem frå, så der er folk van med det. Derfor seier dei heller fyttikatta når det er skikkelig varmt om sommaren.

Er du glad i å reise?
Ja, men ofte vil eg berre reise ein kort tur. Eg elskar hyttetur. Då pakkar eg bilen full av mat, hund og vener, og har det heilt topp. Viss eg skal reise lenger enn hytta, vil eg dra til Thailand. Det er fordi eg er så glad i maten dei lagar der, og fordi eg er glad i sol og trivelege folk.

Skriv du postkort når du er ute og reiser?
Av og til. Eg kjøper alltid kort, og så går eg og tenkjer på at eg burde skrive heile ferien. Men det skjer ikkje før siste dagen, kanskje på flyplassen på veg tilbake.

Når var du sist i Aasen-tunet?
Eg var der då eg gjekk på Nynorsk Mediesenter i 2005. Så no er det på tide å kome tilbake.

Har du høyrt noko god kattemusikk i det siste?
Nullskattesnylterne liker eg godt.

Når las du sist ei verkeleg god bok?
Det var i sommar. Då las eg alle tre bøkene til Stieg Larsson. Elles les eg hundebøker kvar dag, men det vil vel ikkje du høyre om, Lurivar.