Tone Damli Aaberge

Kvar kjem du ifrå?
Sogndal
Kven er favorittkatten din?
Min eigen:)
Kva er ditt favorittkatteord?
Kurre Kurre Kurre
Har du eit anna favorittord?
Fantastisk! og jedna.
Kvifor går folk rundt og seier fyttikatta?
Fyttikatta er vel rett og slett eit banneord. Men eg trur ikkje folk flest
tenkjer på det som stygt. Kvifor? Kvifor ikkje?
Er du glad i å reise?
Eg elskar å reise! Brasil og Jamaica drøymer eg om.
Skriv du postkort når du er ute og reiser?
Eg skriv eit dusin, men sender dei aldri. Eg gløymer alltid det.
Gir dei når eg kjem heim:o)
Når var du sist i Aasen-tunet?
Har dessverre aldri vore der. (Uff, Uff, ikkje bra, Tone…!)
Har du høyrt noko god kattemusikk i det siste?
Cat Stevens? Går den?
Når las du sist ei verkeleg god bok?
Det var nok sist eg las ei bok, ei bok som eg måtte lese fordi vi skulle
skrive bokrapport på skulen. Ungdomsromanen «Appelsinpiken» av Jostein Gaarder.
Den var søt.