Odd Nordstoga

Kvar kjem du ifrå?
Frå Vinje i Telemark, ein stad heilt Vest i Telemark og hadde det ikkje
vore for Haukelifjell ville det nesten vore på vestlandet.
Kven er favorittkatten din?
Det er utan tvil Pus, ein svart og kvit katt som sov i senga mi nesten kvar
natt då eg var gutunge.

Kva er ditt favorittkatteord?
Hm… det må vel bli mjau det då.
Har du eit anna favorittord?
Vanskeleg spørsmål, men liksom er litt fascinerande, då det aldri
eigentleg er vits å seie det, men så seier ein det så mykje
likevel.
Kvifor går folk rundt og seier fyttikatta?
Nei, det burde folk slutte med. Katta har som regel ikkje skuld i det heile
teke. For eksempel: «Fytti katta, den bilen var stygg!» Katta har vel ingenting
med det å gjera.

Er du glad i å reise?
Både ja og nei. Eg syns at det er artig å reise til stader eg ikkje har
vore før. Men reisa i seg sjølv er ofte så klam og slitsam at ein heller ynskjer
seg heim att. Akkurat no har eg lyst å reise til Vinje, for eg har ikkje vore
der i heile sommar.
Skriv du postkort når du er ute og reiser?
Ja, men det er berre så vidt. Sist me var på tur så laga me blogg på
internett. Det var veldig moro. Så kjem jo ofte ein e-post fortare fram enn eit
postkort, som sjeldan kjem heim før du.
Når var du sist i Aasen-tunet?
Det var, trur eg, med Karl Seglem i 2001, men eg er litt usikker på
årstalet, og det seier kanskje litt om hukommelsen min. Men moro var det, og eg
hugsar det som særs lærerikt og utfordrande.
Har du høyrt noko god kattemusikk i det siste?
Nei, dessverre. Har du noko å anbefale?
Mjaau! Eg har mykje god musikk inni meg, så du får leggje øyret
ditt inn til kroppen min ein gong. Så til siste spørsmål:
Når las du sist ei verkeleg god bok?
Eg las historia om Vesleblakken her i sommar for son min. Det gjorde stort
inntrykk. Kanskje han som skreiv den historia spekulerar i at me skal bli rørt.
I så fall takkar eg han for det. Elles så las eg «Volvo Lastvagnar» av Erlend
Loe i haust og det var ei utruleg artig og god bok. Eg er fan av Erlend Loe. Så
må eg til slutt innrømme at eg skulle ha lese mykje meir enn det eg gjer. Men
slik er det vel for mange. E-post les eg i alle fall nok av …
(12.09.06)