Listen to Vaffelhjarte

Vaffelhjarte

Trille er sikker på at naboen Lena Lid er bestevennen hans. Men han er ikkje sikker på om han er bestevennen til Lena Lid. I denne boka følgjer vi to svært oppfinnsame niåringar gjennom liv og vaffelrøre eit heilt år. Ofte går det litt over styr i den vesle vika deira. Og innimellom alt leven og latter fortel Trille lågmælt om alvor og sorg i eit ni år gammalt liv, og om redsla for å miste dei han er glad i.

Maria Parr
Maria Parr er fødd i 1981 på Fiskå i Vanylven. Ho studerer for tida ved Universitetet i Bergen. Vaffelhjarte er hennar første bok og blei nominert til Brageprisen 2005 for beste barne- og ungdomsbok.