Hei alle saman!

No er det snart sommarferie og då er eg klar for å møte mange kjekke born her heime i Ivar Aasen-tunet. I veke 26 og 30 har eg framsyning kvar dag frå måndag til fredag kl.13.00, og då blir eg kykkelikylukkeleg om du kjem og ser på meg!

Og til alle dei som ikkje kan kome til Ivar Aasen-tunet, ønskjer eg ein kjempefin sommar. Hugs at her på sida mi kan du finne fine songar du kan lære deg, sjekke ut boktipsa eg har lagt ut eller lese ei av forteljingane om meg.

Mjau!
Beste helsing

Nokre godbitar