Dei to siste vinnarane av ordlistekonkurransen

Då har eg trekt dei to siste vinnarane av ordlistekonkurransen frå adventskalenderen. Vinnarane av kvar sin bokpakke er 2. og 3. klasse ved Hyen skule med ordet «kvalplanke», og 1.-4. klasse ved Ålfoten oppvekstsenter med ordet «quatarkatt». Gratulerer!

Mjau!


Dei to første vinnarane i ordlistekonkurransen!

Då har eg trekt dei to første juleheldige vinnarane av bokpakkar frå meg. Det blei Selma frå Sandefjord med ordet «Julekatt», og Tiriltunet barnehage med ordet «Potetfly». Følg med i posten, pakkane er på veg!

Vil du vere med i konkurransen? Eg skal trekke to flakseheldige vinnarar til nærare jul, og alt du treng å gjere er å sende inn eit nytt ord til ordlista mi! Klikk på Ordlista mi øverst på sida, sjå heeeilt nederst, der kan du sende inn eit nytt ord i skjemaet. Hugs å skrive på namn og adresse.
God førjulspusetid alle mine gode venner!

Mjau!


Vintervrimlesvimmeltid

Det er så ein kan bli reint svimmel! Det regnar og det snør, det bles, det er mildt og det er kaldt. Potane mine veit ikkje om dei skal vere ute eller inne! Dei vil liksom ut, for det er så kjekt når ein kan leike ute, men så vil dei ikkje likevel. Eg blir rastlaus og lat på same tid, veit du korleis det kjennest? Når du har lyst til å finne på noko, men gidd ikkje, så du berre snarar rundt inne som ein snurrebass? Sånn har eg det ofte no. Men eg fekk eit supert tips frå nabokatten Harald. Han sa at eg berre skal springe to runder rundt huset så resarfort eg berre kan, så kan eg gå inn. Då ligg den tøysete rastlause kjensla igjen ute. Huset mitt er litt stort, så det blir langeslange runder, men då kan eg streeeeekke katteslaskekroppen min på hemsen etterpå. Då kan eg kose meg med tørrfisk og ei god bok. Prøv du også!

Mjau!


Utebiblioteka er klare!

Dei siste dagane har det vore hektisk for meg her i tunet! Eg har plasta og pakka og pussa og skrive, og no er utebiblioteka klare for utplassering. Innan 1.mai kan du gå på tur i Herøy: Barneboktua, på Herøy gard, turvegen. I Ulstein: Barnebokberget, i Trollskogen ved Osberget. På Hareid: Barneboktua, ved Rotarystien.
I Volda: Barnebokskogen, i Heltnelihuken. I Hornindal: Barneboktua, gapahuken ved Hornindal skule. I Stryn: Barnebokplassen, Leikeplassen på Visnes og heilt til slutt har eg fire utebibliotek i Sula kommune. Eg håper alle som er ute på tur les i bøkene og legg igjen ei helsing i gjesteboka.


Dikt på turné

Kjærleikekamerat og elefantangorantutang åt hauklauk
Då såg dei snabelfisefluge med torskebleie
Er dette krimskrams?

Kjølsdalen Montessoriskule, Nordfjordeid

 

Krimskrams!
Skreik kjærleikekamerat
Med kattehatt, klatreklør og dingleauge
Eit lite samansurium
Om ein får ullkløetull

Stårheim skule, Nordfjordeid

 

På ei ønskesol
Åt kjærleikekamerat på ein hauklauk
Då ein ninjakatt med pølsesmil
Hoppa opp frå ei sandstjerne

Ho vart sjøsprø av å jaktjage
Ho fann ein kjærleikekamerat med pannekakehake
Men stakkaren drakk etsesaft
Og fekk heksehark
Au!

Sandane skule, Gloppen

 


1 av 612345...Siste »