Send melding

Eg veit ganske mykje, derfor får eg ofte spørsmål frå barn som lurer på alt mogleg. Eg likar best å få spørsmål om barnebøker, om kattar eller om språk, men eg har også svar på kvifor hunden uler om natta eller på kvar tunfisken lever.

Spørsmål og svar

 

  • hei lurivar hvor bor du - Geir

    Hei Geir!
    Eg bor i eit stort hus i Hovdebygda i Ørsta som heiter Ivar Aasen-tunet. I det huset er det museum etter ordsamalaren Ivar Aasen, og innerst inne i utstillinga har eg eit eige rom med hems. Du må gjerne kome på besøk ein gong!
  • Har du nokon gong ete ein fugl? - Gina

    Hei Gina!
    Hmmmm, ja, eg har nok ete ein fugl. Eg har nok ete mange fuglar. Du veit, fuglar for meg er som smågodt for menneska, nyyydeleg godt. Nam, nam! Men eg tek ikkje alle fuglane eg ser, for eg likar så godt når dei heng utanfor vindauget mitt og et fuglemat. Då kan eg sjå på dei i timevis. Av og til snakkar eg med dei også, sjølv om dei ikkje kan høyre meg.
    Kjekt at du sende meg eit spørsmål Gina, takk!

    Mjau!

  • kva er det du liker mest i verden? - Mohamed

    Mmmmmmjauuuu....aller, aller best likar eg å lese alle dei fine orda eg har fått med alle venane mine. Ropemåne, bananhest og snabelfisefluge - er ikke dei fantastiske desse orda? Eg har samla alle eg har fått i ordlista mi på nettstaden min, og eg vil gjerne ha fleire! Elles likar eg meg både ute og inne i Ivar Aasen-tunet der eg kan lese bøker, jakte på mus og treffe dei som kjem på besøk. Samt alle dei finfine menneska eg treff ute på turneane mine.

    Ha ein fin dag Mohamed!
  • har du bøker og korfor har du så stort hus he du jelperer - Inga

    Eg bur i det store huset som heiter Ivar Aasen-tunet i Ørsta, og her har eg tusenvis av bøker eg kan lese i. Nokre bøker har eg på hemsen min så borna kan låne når dei er på besøk, andre bøker får eg låne i biblioteket vårt. Hjelparane mine er dei som er her på arbeid på dagen, dei har kontor i kjellaren.
    Ha ein fin dag Inga, mjau!
  • Lurivar, kan du skrive på PC ? - Eva Marie

    Ja! Eg har ei fin datamaskin som passar til mine store pusepotar!
  • Hei er du virkeleg? - Elise

    Klart er vel klart eg er!
  • hei du kan du skrive unglinks boka di? - Ronja

    Alle bøker er mine favorittar. Eg elskar ord og bøker!
    Det finst nokre gode tips på www.nynorskbok.no også, viss du har lyst å finne din eigen favoritt.
  • Mjao mjao kofor sover du med føtene opp? - Runar

    Det er fordi eg får lufta potane mine skikkeleg godt, vel!
  • Hei lurivar! Kor mange år er du ? - Anonym

    Mjau! Eg er ein katt i min beste alder!
  • Hei kan du legge inn sangen ord ord ord. Da er du den snilleste katten. - Emma

    Den songen finn du i songboka mi no! Er eg ikkje snill vel?
  • Hvorfor har hunden bedre luktesans enn kattene Lurivar? - Karianne

    Hmmf. Fordi dei er hundar.
  • kvifor har vi namn? - Anna

    Det er lurt å ha namn. Tenk om vi alle skulle gått rundt og heitt Du!
  • Hei :) Eg lurer på koffor nokre folk er veldig smarte,sånn som meg eg er litt smart eg kan jo gangetabellen :) - Hedda

    Så bra. Du er smart, og eg er lur!
  • Kofor heter du Lurivar? Er det fordi du er lur og heter Ivar? - Aya

    Eit namn er eit namn, men eg er jamen kjempelur!
  • Hei tunkatten har du det bra? Jeg har sett sjov av dere det var gøy - hilsen Rebekka

    Så kjekt at du likte besøket vi hadde på skulen din!
  • kvifor er du ein katt som bur i Ivar Aasen tunet lurivar? kvifor besøker du skular lurivar? - Andrine

    Hei Andrine! Aasen-tunet er den beste staden å bu for ein ordgalen katt som meg. Eg har så mange artige ord at eg av og til berre MÅ ut for å fortelje andre om dei, og då likar eg best å besøke skular.
  • koffor e d lexer?:-( koffor fins d lærerere???!!!!! - Anonym

    Det finst lærarar fordi du skal ha sjansen til å lære noko på skulen.
  • kofor er du ikkje ein hund? - Anonym

    Tunhunden!!! Nei, veit du kva...
  • Kofor har himelen stjerner og jora har meneske? ka har vi tilfeles med stjernene på himelen? - Anonym

    Mjølkevegen
  • Kor gammel kan en katt bli, dersom den lever i et godt hjem?? - Anonym

    Det spørs kor gamal du vil at katten skal bli.

Send meg ei melding

Send melding til Lurivar*
Skriv namnet ditt her*
Adresse og postnummer
Kor mange år er du?
Skriv e-post-adressen din her