Boktips

Her finn de superkjekke boktips! Om du vil lese nokon av bøkene kan du høyre med biblioteket ditt!

JOjo, er ein teikneserie som handlar om livet til Jojo, og kvifor det er rart og annleis.
Denne boka har berre teikningar og snakkebobler, og passar til alle som har lært å lese.

Forfattar: Ida Eva Neverdahl
Forlag: Samlaget
År: 2018

Stupe-Stighandlar om Knut som vil fly med drake, men så har han ein tullete onkel Stig som heller vil finne stupe!

» –  Kan du stupe, då? spør Knut.
–  Stuping er dritlett! Kall meg berre Stupe-Stig.»

Boka har mange fine illustrasjonar og enkel tekst. Den passar fint for dei som nett har lært å lese.
Forfattar: Anna R. folkestad
Forlag: Samlaget
År: 2018

Kidnappa, er ei bok som handlar om Bea og vennen Oda. Oda fortel at ho blei kidnappa då ho var lita, og at det er derfor ho ikkje liknar på foreldra sine. Bea lovar å halde på løyndommen, men ho er også nysgjerrig. For kven er dei eigentlege foreldra til Oda?

–   Eg blei kidnappa, kviskrar ho.
–  Kidnappa? spør eg.
   Oda nikkar.
–  Da eg var lita. Eg hugsar det ikkje. Men eg veit det no.

Boka har mange fine illustrasjonar og ein del tekst, den passar fint for dei som kan lese godt.
Forfattar: Bente Bratlund
Forlag: Samlaget
År: 2018

Bokstavsommaren, handlar om søskena Styrk og Zara. Styrk er stor gut og kan snorkle, mens Zara sitt på land og passar på. Som lønn skal ho få ein skatt frå sjøen kvar dag, og alle skal starte på ein ny bokstav. Vi får møte krabben, eremittkrepsen, jålekrabben, ulka og mange fleire vesen som Styrk finn i sjøen.

«Zara og Styrk hjelper kvarandre.
Zara passar Styrk mens han snorklar.
Styrk tar fine ting opp av havet til Zara.
Mor, som må arbeide på kontor, synest dei er flinke.
– Eit eineståande samarbeid, seier mor.

Ein dag får Zara eit sniglehus av Styrk.
I opninga stikk det fram to klør.
– Ein eremittkreps, seier Styrk.
– Kom ut av huset ditt, så eg får sjå deg! seier Zara»

Dette er ei bok der ein nesten kan kjenne lukta av havet, og med dei fine illustrasjonane får ein sjå alt saman også! Tenk på det, her kan ein lære heile alfabetet, og så får ein ei forteljing for kvar bokstav også. Superbølgefint!

Dette er ei bildebok, men den har ein del tekst. Den passar for dei som les godt, men også for foreldre eller storesøsken som les for dei som er mindre.
Forfattar: Erna Osland
Forlag: Samlaget
År: 2017

 

Reisa til verdas farlegaste lander ei skummel bok på vers og rim, med skumle teikningar.

«Viss du seglar over verdas største hav,
der mange sjømenn fann si våte grav,
kjem du til ei mørk og skummel strand
i verdas aller farlegaste land»

Høyres ikkje dette skummelt ut? Her les du deg gjennom historia om verdas farlegaste land, og korleis går det til slutt? Les og finn det ut, men førebu deg på nerveskrekk og gru!
Boka passar for dei som kan å lese, men ikkje ver åleine, dette blir skummelt! Det synest i alle fall eg!

Forfattar: Malte Persson
Forlag: Skald
År: 2017

Varehuset, er ei skummel bok til. Her møter vi Ester som har funne ein knallfin kjole i eit butikkvindu, og når ho går inn for å prøve den blir ho innestengt. Det er både spennande og skummelt å bli innestengt i eit varehus, og kva gjer Ester? På framsida står det «les på eige ansvar!», og det seier eg også, dette var knakeskummelt! Her blir det biting av negler heile vegen frå start til slutt!

Boka passar for dei som kan lese litt, og i tillegg er ståltøffe! Det er mange skumle illustrasjonar i boka også.

Forfattar: Petrus Dahlin
Forlag: Samlaget
År: 2017