Vintervrimlesvimmeltid

Det er så ein kan bli reint svimmel! Det regnar og det snør, det bles, det er mildt og det er kaldt. Potane mine veit ikkje om dei skal vere ute eller inne! Dei vil liksom ut, for det er så kjekt når ein kan leike ute, men så vil dei ikkje likevel. Eg blir rastlaus og lat på same tid, veit du korleis det kjennest? Når du har lyst til å finne på noko, men gidd ikkje, så du berre snarar rundt inne som ein snurrebass? Sånn har eg det ofte no. Men eg fekk eit supert tips frå nabokatten Harald. Han sa at eg berre skal springe to runder rundt huset så resarfort eg berre kan, så kan eg gå inn. Då ligg den tøysete rastlause kjensla igjen ute. Huset mitt er litt stort, så det blir langeslange runder, men då kan eg streeeeekke katteslaskekroppen min på hemsen etterpå. Då kan eg kose meg med tørrfisk og ei god bok. Prøv du også!

Mjau!