Kviskreleiken

Alle set seg i ein ring. Leiken går ut på at førstemann finn på eit ord som han kviskrar til sidemannen. Denne kviskrar ordet vidare. Når ordet er komen heilt rundt, skal sistemann seie det høgt. Dette ordet er nesten aldri den same som den førstemann sa.

Neste trinn er å seie ei heil setning.

Ja eller nei

I denne leiken er det ikkje lov å bruke orda ja eller nei. Alle set seg i ein ring og blir samde om ein person som skal stille spørsmål. Spørsmåla finn personen på sjølv, men dei skal vere slik at det er lett å forsnakke seg og svare ja eller nei. Dersom nokon er uheldig og seier ja eller nei, må vedkomande overta som spørsmålsstillar, eller ein går ut av leiken. Dette må ein bli samde om på førehand.

Spørsmåla kan vere: Var du på skulen i går? Likar du fotball? Kan du vegen heim? Ser du på tv?