Att og fram på ord

Du kan starte med eit ord som betyr noko anna når du snur det. Eit døme på det er mo og om. Om du skriv om på midten av ei linje kan du legge bokstavar framfor og bak. Legg til ein t og sjå kva som skjer. Klarer du fleire bokstavar?

Andre ord du kan prøve er: or, ru, kø, mø.


Små ord i store ord

Klarer du å finne fleire ord i eitt ord? I ordet menneske finn ein orda menn, men, nes, enn og eske.

Prøv å finne fleire ord i desse orda: 
dikting, dagdrøyme, djupvassfisk, akvarium, billett, flaggermus, brannskap, skyvedør.

Hemmeleg melding

Eit kryptogram er ein gammal måte og sende hemmelege beskjedar på. Vil du prøve?

  1. Lag ein lang og smal papirstrimmel på 1 meter og 3 cm brei
  2. Rull strimmelen rundt eit røyr, den må ligge kant i kant heile vegen rundt. Bruk ein tom tørkerull eller liknande
  3. Skriv ei melding på papiret som er rulla rundt røyret. Skriv i lengderetning sånn at du kan lese det som står der
  4. Så rullar du ut strimmelen og skriv ulike bokstavar rundt dei bokstavane som er meldinga

Den som får meldinga rullar strimmelen rundt eit røyr og kan på den måten lese akkurat dei bokstavane som står i meldinga. Dei andre bokstavane vil ikkje bety noko, men for den som ikkje kan oppskrifta vil dette vere umogleg å forstå.