Denne boka handlar om ei slem mor og ein enda slemmare onkel! Og mødrer og onklar skal vere snille. Det veit du sikkert, for det har du nok lese i andre bøker.

Torvald Sund er fødd i 1952 i Råkvåg i Nord-Trøndelag, og debuterte i 1979 med ungdomsromanen Haustsommar i reinfjellet. Torvald Sund har skrive fleire bøker for born og ungdom, noveller for vaksne og skodespel. Mange av bøkene har handling frå miljøet på Trøndelagskysten. Dei mest kjende barnebøkene hans er den humoristiske serien om onkel Oskar, som det også blei laga film av – Onkel Oskar (1997). 

Torvald Sund har fått fleire prisar for bøkene sine, m.a. Nynorsk barnelitteraturpris i 1982 og 1992, Ole Vig-prisen 1985, Skolebibliotekarforeningens litteraturpris 1987 og Trøndersk Målpris i 2000.