Spørsmål og svar

Eg veit ganske mykje, derfor får eg ofte spørsmål frå barn som lurer på alt mogleg. Eg likar best å få spørsmål om barnebøker, om kattar eller om språk, men eg har også svar på kvifor hunden uler om natta eller på kvar tunfisken lever.

Send inn spørsmål

Hei. Kva er ynglings instrumentet ditt? Kan du spela gitar?

Hei Marie! Eg er veldig glad i musikk, men spelar ikkje sjølv. Eg brukar all mi tid, bortsett frå når eg søv eller jaktar på mus, på å finne fine ord, ord som smakar godt i munnen, er skikkeleg rare eller rimar. Men min venn Heavykatten er supergod på gitar, og eg diggar å høyre på han! Bandet Naboen min er òg skikkeleg gode, og dei har skrive to songar til nettstaden min.

Hvordan fikk du din ide fra?

Kjære Delina! Takk for eit kattefantastisk spørsmål. Det har alltid vore kattar på tunet i Aasen-garden og når det nye Fehn-bygget stod ferdig fekk eg mitt heilt eige rom innerst i museet. Der har eg til og med mitt eige ordrike spionkattebibliotek. Du må gjerne kome på besøk!

Kan Lurivar få venner som en hund og en hest?:)

Hei Håkon! Eg likar å få nye vener! Kvalpen Vanilje og bybikkja er gode vener, dei kan du lese om på heimesida mi, og eg kjenner òg ei brillefin ugle og ein veldig gamal og rabalderrumperampete fjøsnisse! Men ein hest har eg ikkje blitt ven med enno. Kjenner du nokre hestar? Er dei trivelege?

Kan du komme til skolen vår?

Hei Live! Eg er ofte på skulebesøk, og det hadde vore glimmerglitrande gøy å vitje din skule. Høyr med læraren din om de kan tinge besøk av meg gjennom Den kulturelle skulesekken!

Når fant du på navnet Tunkatten?

Hei Delina! Takk for det gode spørsmålet! Eg kjem frå Aasentunet og blir derfor kalla tunkatt, men i 2006 fekk eg det fine namnet Lurivar. Eigarane mine hadde ein namnekonkurranse og forslaget «Lurivar» vann. Eg er ein lur ordspionkatt frå tunet til Ivar Aasen – Lur-Ivar! No bur eg også på Haugesenteret og Vinjesenteret, og er stadig ute på nye spionoppdrag, men eg vil alltid vere tunkatt. Venleg helsing tunkatten Lurivar

kan du få koronovirus?

Hei Lisa! No har dyrlegen min sagt at koronaviruset ikkje smittar mellom menneske og dyr, så eg skal halde meg fiskefrisk, *puh*! No passar eg på Aasen-tunet medan menneskefolka jobbar heime, noko som eg ser på som ein veldig viktig jobb! Meeen det er litt smeltekjedeleg når dei ikkje er her, eg saknar dei alle. No må du og alle andre born som les dette berre tenkje gode tankar og at de snart får vere saman igjen. Eg er veldig glad i dykk alle, stor puseklem frå Lurivar!

Hei! Eg lurer på lydbøkene som ligg på sida di... Er det berre utdrag av heile bøker som ligg der?

Hei Kari-Anne! Ja, det er berre utdrag som ligg på sida mi. Eg håper fleire vil ta seg tid til å låne og lese heile boka etter at dei har høyrt på klippet. Om nokon vil ha meir å lytte til kan dei høyre på forteljingane om meg, den supre ordspionen Lurivar!

Kvifor heter katten tunkatten?

Mnjaaaa, det er vel fordi det er det finaste og beste namnet på ein katt som bur i eit tun, synest du ikkje det? Tunkatten Lurivar, katten i tunet til lure Ivar. Det er eit snikande bra namn på ein katt som i tillegg er ein ordspion!

Speler du klarinett?

Nei, eg gjer nok ikkje det. Eg har prøvt det éin gong, men då sprang alle musene og gøymde seg! Om eg skal fange middagen min sjølv, så kan eg nok ikkje spele klarinett meir. Men eg syng litt for meg sjølv når musene ikkje kan høyre meg. I går song eg "Det sat to kattar på eit bord", og det blei veldig fint om eg skal seie det sjølv. Mjau!

hei lurivar hvor bor du

Hei Geir! Eg bur i eit stort hus i Hovdebygda i Ørsta som heiter Ivar Aasen-tunet. I det huset er det museum etter ordsamlaren Ivar Aasen, og inst inne i utstillinga har eg eit eige rom med hems. Du må gjerne kome på besøk ein gong!

Har du nokon gong ete ein fugl?

Hmmmm, ja, eg har nok ete ein fugl. Eg har nok ete mange fuglar. Du veit, fuglar for meg er som smågodt for menneska, nyyydeleg godt. Nam, nam! Men eg tek ikkje alle fuglane eg ser, for eg liker så godt når dei heng utanfor vindauget mitt og et fuglemat. Då kan eg sjå på dei i timevis. Av og til snakkar eg med dei også, sjølv om dei ikkje kan høyre meg. Kjekt at du sende meg eit spørsmål Gina, takk!

Har du bøker og korfor har du så stort hus he du jelperer?

Eg bur i det store huset som heiter Ivar Aasen-tunet i Ørsta, og her har eg tusenvis av bøker eg kan lese i. Nokre bøker har eg på hemsen min så borna kan låne når dei er på besøk, andre bøker får eg låne i biblioteket vårt. Hjelparane mine er dei som er her på arbeid på dagen, dei har kontor i kjellaren. Ha ein fin dag Inga, mjau!

Kvifor er du ein katt som bur i Ivar Aasen tunet lurivar? kvifor besøker du skuler lurivar?

Hei Andrine! Aasen-tunet er den beste staden å bu for ein ordgalen katt som meg. Eg har så mange artige ord at eg av og til berre MÅ ut for å fortelje andre om dei, og då liker eg best å besøke skular.

kva er det du liker best i verden?

Mmmmmmjauuuu....aller, aller best liker eg å lese alle dei fine orda eg har fått med alle venene mine. Ropemåne, bananhest og snabelfisefluge - er ikke dei fantastiske desse orda? Eg har samla alle eg har fått i ordlista mi på nettstaden min, og eg vil gjerne ha fleire! Elles liker eg meg både ute og inne i Ivar Aasen-tunet der eg kan lese bøker, jakte på mus og treffe dei som kjem på besøk. Samt alle dei finfine menneska eg treff ute på turneane mine. Ha ein fin dag Mohamed!

Lurivar, kan du skrive på PC?

Ja! Eg har ei fin datamaskin som passar til mine store pusepotar!

Hei er du virkeleg?

Det er vel klart eg er!

Send inn ditt spørsmål

Gruppe