Personvern og informasjonskapslar


Vi er opptekne av at du forstår korleis vi handterer data om deg, og i denne personvernerklæringa vil vi forklare kva data vi samlar inn, korleis vi gjer det og kva vi brukar dei til. På denne sida kan du også lese meir om korleis vi behandlar personopplysingane.

tunkatten.no ligg under norsk lov, og vi følgjer til ei kvar tid gjeldande reglar for personvernopplysingar, og behandling av desse. Grunnlaget for behandling er samtykke frå den enkelte brukaren av tunkatten.no, med mindre noko anna er spesifisert.

Opplysingar som blir samla inn i samband med drift av tunkatten.no, blir lagra på eigne serverar som blir drifta av leverandøren. Det er berre tunkatten.no og underleverandørane som har tilgang til opplysingane som blir samla inn.

Du finn meir informasjon om personvern og personvernrelaterte saker på nettstaden til Datatilsynet.

Innsyn, endring og sletting av informasjon

Du har rett til å få vite kva personopplysingar vi har registrert om deg. Dersom dei er feil, ufullstendige eller irrelevante kan du krevje at opplysingane blir retta eller sletta i samsvar med gjeldande lovgiving.

Om du ønskjer å få informasjon om kva slags type opplysingar som er registrert om deg, ønskjer innsyn, retting eller sletting i det som er registrert om deg, eller har generelle spørsmål om behandling av personopplysingar i tunkatten.no, kan du ta kontakt med oss på admin(a)aasentunet.no

Bruk av informasjonskapslar (cookies)

Vi nyttar informasjonskapslar på nettstaden vår. Ein informasjonskapsel, om den er førebels eller varig, er ei lita fil som inneheld ein viss mengde data som blir lagra på din datamaskin.

Vi ønskjer at vår nettstad skal vere så brukarvennleg som mogleg, og informasjonskapslane hjelper oss å nå det målet. Du kan sjølv bestemme om du vil tillate bruk av informasjonskapslar.

Kva er en informasjonskapsel?

Ein informasjonskapsel er ei lita fil som inneheld ein viss mengde data. Denne fila kan vår nettstad sende til din nettlesar. Denne informasjonskapselen kan vi hente, noko som tillèt oss å tilpasse vår nettstad og tenester. Vi presiserer at informasjonskapslar ikkje samlar inn personopplysingar lagra på din harddisk eller datamaskin.

tunkatten.no samlar inn anonymiserte opplysingar om besøk. Til det arbeidet nyttar vi Google Analytics.
Vi samlar inn statistikk for å gjere nettstaden betre, og måler om det fungerer. Døme på kva statistikken kan gi svar på, er tal på besøkande på nettstaden, kva sider som blir besøkt, kor lenge besøket varer, kva nettstader dei besøkande kjem frå og kva nettlesar brukaren nyttar.

Les mer om Google Analytics og personvern her

Korleis deaktivere informasjonskapslar?

tunkatten.no nyttar ikkje informasjonskapslar til å samle inn personleg informasjon som kan identifisere deg. Skulle du likevel ønskje å deaktivere, avvise eller blokkere bruken av informasjonskapslar, er det mogleg at nokre delar av tunkatten.no ikkje vil fungere optimalt.

Du kan også slette informasjonskapslar som har blitt lagra på din datamaskin. Dette gjer du i menyen i nettlesaren din. Korleis ein gjer det, er avhengig av kva nettlesar du nyttar.

Les meir om deaktivering av informasjonskapslar hos Google

..